Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Når skjer kva?

organisasjonskart oppdatert august 2018Prosjektleiar er i gang med å tilsetje kommunal- og stabssjefar i den nye kommunen. Vedtak i fellesnemnda gjer også at prosjektet blir organisert slik som den nye kommunen skal vere.

I mai vedtok fellesnemnda den overordna administrative strukturen etter at den hadde vore ute på høyring. Høyringsrunden førte til 72 innspel som gjorde at prosjektleiar endra på strukturen for den nye kommunen. Etter høyringa blei bestemt at rådmannen i den nye kommunen skal ha seks kommunalsjefar. Desse kommunalsjefane får ansvaret for kvart sitt område (sjå ill. over).
I tillegg blir det fire stabsområde som skal ha ein stabssjef. I illustrasjonen over er stabsområda gule og kommunalområda oransje.

Kartleggingssamtalar

Prosjektleiar har starta kartleggingssamtalar for å kunne tilsette kommunal- og stabssjefar i den nye kommunen. I denne prosessen får ho hjelp av to seniorkonsulentar frå rekrutteringsselskapet Yapril. Går alt etter planen, blir leiarane tilsette i september.

Etter drøftingar med tillitsvalde, er det bestemt at utvalet for kartleggingssamtale blir slik:

Prosjektleiar kallar inn til kartleggingssamtale dei i leiargruppene til rådmennene som i dag har eit kommunalsjefansvar.  I tillegg kallast også økonomisjef og personalsjef inn dersom kommunane har denne type stilling i dag.  

Når kompetansekrava er lagt for leiarstillingane, blir desse lagt ut til andre leiarar i kommunane, der ein blir invitert til å ta kontakt dersom ein meiner at ein har rett på kartleggingssamtale til desse stillingane.

Framdrift

Prosjektorganisasjonen blir no organisert etter den overordna administrative organiseringa. Fram til kommunal- og stabssjefar er på plass, vil det vere styringsgrupper som styrer arbeidet.

Desse styringsgruppene hadde sitt første møte 20. juni. Leiarar for gruppene blir, så langt det er mogleg, dei som har vore leiar for tilsvarande delprosjekt i prosjektorganisasjonen. Du finn presentasjonen frå møtet, kven som er deltakarar og forslag til mandat og milepælsplan under Verktøy for tilsette.

Dette skal styringsgruppene og dei framtidige stabs- og kommunalsjefane arbeide med:

Ill: framdrift styringsgrupper juni 2018

Når leiarane for stabs- og kommunalområdet er tilsette, startar arbeidet med dei mange store og små spørsmåla om korleis dei ulike tenesteområda konkret skal organiserast. Målet er at alle tilsette skal vere innplasserte i den nye kommunen i april 2019.

Tilsette får høve til å kome med innspel når det gjeld:

  • Konkret inndeling i einingar innanfor kvart kommunal- og stabsområde.
  • Den overordna administrative strukturen har forslag til oppgåveportefølje innan kommunal- og stabsområda, men ikkje inndeling i organisasjonseiningar. Dei tilsette vil få høve til å kome med innspel til dette. Tredje fase vil også omhandle korleis vi skal legge til rette for godt tverrfagleg samarbeid på tenestenivå.
  • Geografisk plassering av kommunal-og stabsområda blir også vurdert i ein seinare fase. Det ligg føringar i intensjonsavtalen.
  • Vurdering om bruken av kommunale føretak (KF) vil også kome i ein eigen prosess. Her er det  viktig å få fram tilstrekkeleg kunnskapsgrunnlag om kva eit KF er, og kjenne til tidlegare utgreiingar av dette.

 

 

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.