Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Partnarskap om innovasjon

Pressemøte 22 juni 2 cropNye Ålesund inngår samarbeidsavtalar og partnarskap med ÅKP og Blue Innovation Arena, NExTdigital og NTNU.

Den nye kommunen har høge ambisjonar om å byggje ein sterk innovasjonskultur. Skal vi nå måla med kommunereforma må vi fornye eller lage noko nytt som skaper verdi for samfunnet og innbyggarane.

Nye Ålesund er overtydd om at eit tverrfagleg samarbeid med andre samfunnsaktørar vil styrke den nye kommunen. Ein viktig del av innovasjonsstrategien er nettopp å etablere partnarskap med samfunnsaktørar som er interesserte i å dele sin kompetanse og i å bygge systematisk nettverkssamarbeid.

Desse partnarskapa vil gje den nye kommunen tilgang til arenaer og nettverk der ulike verksemder og menneske møtast, der notid møter framtid, og der vi saman med andre kan styrke utviklinga i både regionen og i dei kommunale tenestene. Denne type samarbeid mellom kommune, akademia, næringsliv og sivilsamfunn er avgjerande for at nye Ålesund sine ambisjonar skal bli realiserte.


Både arenaene og nettverka vil på mange måtar utfordre kommunen si tradisjonelle rolle som myndigheitsutøvar og tenesteleverandør. I tillegg til å ivareta gode tenester, må kommunen gjennom partnarskapet innføre arbeidsformer som er eksperimentande og der løysinga ikkje er kjend på førehand. Dette gler vi oss til å setje i system saman med våre nye samarbeidspartar.

NExTdigital

NExTdigital er eit nettverk av små og store verksemder etablert i Ålesundregionen med mål om å hjelpe kvarandre til å finne løysingar i digitaliseringsarbeidet. Bedriftsnettverket meiner at tverrfagleg samarbeid er viktig for å styrke utviklinga innan det digitale skiftet.
Gjennom å jobbe aktivt med kunnskapsheving og kompetansedeling på Sunnmøre, ønskjer NExTdigital å bidra til eit sterkt og framtidsretta næringsliv i vår region. Nettverket består av små og store verksemder med ei breidde i kompetanse som strekk seg frå produksjon og logistikk tilnetthandelsløysingar og datadriven marknadsføring.
 
Kvifor inngår vi dette partnarskapet?

Nye Ålesund går inn i nettverket med bakgrunn i nye Ålesund sine ambisjonar om å bli ein føregangskommune innan digitalisering.  
Nettverket vil gje oss ein arena for deling av kunnskap og erfaring, og vil vere eit godt supplement til dei møteplassane kommunane nyttar i dag, og som er meir innretta mot offentleg sektor. Den tverrfaglege dimensjonen er spesielt spanande.
Nettverket har ambisjonar som samfunns- og regionsutviklar som nye Ålesund kan identifisere seg med og støtte opp under. Vi kjem til å vere aktive på work-shop og konferansar i dette nettverket, og har ambisjonar om at dette vil bidra til utvikling av nye idear for alle partnarane.

Aktuelle prosjekt/aktivitetar:

  • Workshop med NExTdigital med tema kunstig intelligens (AI – artificial intelligence). Nye Ålesund innfører kunstig intelligens gjennom Chatbot`en Kommune-Kari. Andre tenester vert óg kartlagte for å avdekke mogelege område der vi kan erstatte manuelle prosessar med AI.
  • Fortløpande deltaking i nettverk, møteplassar og konferansar i regi av samarbeidet.

ÅKP Blue Innovation Arena

Ålesund kunnskapspark - ÅKP er eit regionalt tyngdepunkt for innovasjon, næringsutvikling og samfunnsbygging og husar blant anna eit av landets mest komplette inkubatorsystem som er eit hjelpeprogram for gründarar, klyngeprogramma Blue Maritime Cluster – Global Centre of Expertise, Blue Legasea, Norwegian Rooms, samt fleire andre nasjonale og internasjonale prosjekt.
Møre og Romsdal er i dag vertskap for havbaserte næringsklynger i verdstoppen. Mange av ÅKPs  aktivitetar er knytt til desse viktige næringane, men samtidig arbeider ÅKP aktivt for å overføre kunnskap og erfaringar om innovasjonsprosessar, organisering og kultur til andre næringsmiljø og offentlege verksemder. Det skal stimulere og utvikle grunnlaget for framtidig verdiskaping i regionen. For nye Ålesund kommune er dette spesielt interessant.

Kvifor inngår vi dette partnarskapet?

Nye Ålesund har hatt ei arbeidsgruppe som har sett på mogelegheitene for å auke innovasjonstakta i offentleg sektor. Arbeidet har foregått i tett dialog med ÅKP. Gruppa har dratt nytte av kunnskapsparkens kompetanse og erfaring med program som i utgangspunktet er innretta mot næringslivet.  
Filosofien bak den nyleg tildelte nasjonale industrikatapult-statusen er interessant for oss. Som katapultsenter har ÅKP Blue Innovation Arena i oppdrag å gjere teknologi frå havnæringane tilgjengeleg for fleire bransjar. Vi vil teste ut om dette har overføringsverdi til offentleg sektor. ÅKP vert ein annleis møteplass for kommuneorganisasjonen som innbyr til å byggje ein kultur for kreativitet, prøving og feiling. VI får her ein unik arena for teknologidriven innovasjon og kompetanseheving.

Aktuelle prosjekt/aktivitetar:

  • Hopp-id og næringskontakt
  • Bruk av teknologi til å fornye arealplan-prosessar
  • Digitale tvillingar av bygg og byområde
  • Nettverks-, kompetanseheving og testarena for tilsette og politikarar
  • Simuleringsteknologi til bruk i opplæring og øving ( t.d. beredskapsøving)

NTNU - Universitetskommuneavtale

Målet med avtalen er å gje byen og landet langsiktig tilgang på kunnskap, kompetanse og teknologi av strategisk betyding for utvikling av eit  godt og berekraftig samfunn.
Nye Ålesund kommune skal handtere komplekse oppgåver med høge krav til kvalitet, effektivitet og innovasjon, til gode for eit samfunn i stadig endring.
Universiteta skal drive med forsking, utdanning og innovasjon som svarer på samfunnet sine behov. Kommunen er ein betydelig arbeidsgivar, forskings- og utviklingsarena.

Kvifor inngår vi dette partnarskapet?

Nye Ålesund ønsker ei kunnskapsbasert utvikling av tenestene våre. Vi ønsker difor å vere tett kobla til forskings- og kunnskapsmiljø som kan bidra til dette. Dette krev at  kommunen tek ei større rolle for å kunne påverke kva som skal forskast på.  Gjennom samarbeidet med NTNU kan dette setjast i system. I samarbeidsavtalen vi vi legge vi til rette for ei god oppgåvedeling og realistiske rammetilhøve.    
Nye Ålesund og NTNU tek utgangspunkt i at samarbeidet skal organiserast rundt to tematiske område:

  • Smart samfunn: Planlegging,  by- og regionutvikling inkludert havrom
  • Smarte tenester: Helse, velferd, undervisning
      

Dei tematiske områda representerer heile spekteret i kommunens oppgåver. Vi arbeider no med å peike ut hovudprosjekt med oppstart i haust, og med potensiale til støtte frå forskingsrådet.

Aktuelle prosjekt/aktivitetar:

  • Smart by og regionutvikling
  • Pilotprosjekt: Grønn campus
  • «Lær kidsa koding» som eit pilotprosjekt
  • Havet som blått kollektivfelt (delingsøkonomi, automatisering)
  • Energiløysingar i bygg, overføringsverdi til forsking
  • Systematisk kompetanseheving og opplæring innan pleie og omsorg ved bruk av visualisering og simuleringsteknologi (Visualisering og simuleringsteknologi i alle type tenester)
  • Innføring av velferdsteknologi, lokalisering, sosial kontakt, tilsyn, medisinering, aktivitet
  • Vegsamarbeid, vann og miljø, campusutvikling, næringslivsringen
  • Spre kompetanse: IT/datakurs til ungdomsskule/barneskle levert av Institutt for IKT og realfag

Nye Ålesund kommune

Nye Ålesund kommune består av kommunane Haram, Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund. Kommunesamanslåinga er den største i landet, med fem kommunar – til liks med Indre Østfold. Når kommunane slår seg saman 1. januar 2020, har kommunen rundt 67 000 innbyggarar. Kommunenamnet er Ålesund. Eit av prinsippa for samanslåingsprosessen er at berekraft og nyskaping skal ligge til grunn for utviklinga i den nye kommunen. Innovasjon, styrking og utvikling av næringsliv og forskings- og utdanningsinstitusjonar går som ein raud tråd gjennom intensjonsavtalen som er vedtatt av kommunane.

På bildet, frå venstre:

Vebjørn Krogsæter - ordførar i Haram, Toril Standal Eliassen - styreleiar i NExTdigital, Stian Bang - NExTdigital, Per Erik Dalen – adm.dir. ÅKP Blue Innovation Arena, Dag Olav Tennfjord - ordførar i Skodje, Eva Vinje Aurdal – ordførar i Ålesund og leiar i fellesnemnda for nye Ålesund, Annik Fet Magerholm - viserektor ved NTNU, Oddvar Myklebust - ordførar i Sandøy, Knut Helge Harstad - ordførar i Ørskog.

 

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.