Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Ny organisering av heimesida

organisasjonskart oppdatert august 2018Delprosjekta er forsvunne frå nyealesund.no. Under Om nye Ålesund finn de no stabs- og kommunalområde. Der ligg dei tidlegare delprosjekta.

Omorganiseringa er i tråd med fellesnemnda sitt vedtak i juni, som bestemte at prosjektorganisasjonen og arbeidet med å bygge ny kommune frå no av skal vere organisert slik som den nye kommunen.

Du finn stabs- og kommunalområda under punktet Om nye Ålesund kommune > Stabs- og kommunalområde.

Styringsgrupper

Kommunal- og stabsområda leiast av ei styringsgruppe og etterkvart ein kommunal- eller stabssjef.  Når kommunal- og stabssjefar er på plass i løpet av september, vil dei leie sitt område. Per i dag er det i stor grad dei tidlegare delprosjektleiarane som er leiarar for styringsgruppene. Kvar styringsgruppe får ein administrativ koordinator som hjelper styringsgruppa med det administrative arbeidet.

Irene Kalstad Aase er overordna koordinator for dei administrative hjelparane. Ho er til dagleg politisk sekretær i Ålesund og har før vore sjef for bestillarane i kommunen.

Faggrupper

Fleire av faggruppene er tidlegare delprosjekt. Dei faggruppene som ligg inne under kommunal- og stabsområda, kan bli endra, både mandat, medlemmer og leiarar. Det blir mest sannsynleg fleire faggrupper under kvart område.

Under Verktøy for tilsette finn de alle deltakarane i styringsgruppene, kven som er leiar og koordinator, og kva fagggruppe som er lagt under kva område.

 

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.