Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Forslag om kommunedelsutval på høyring

 

LokaldemokratiNye Ålesund skal ha 11 kommunedelsutval foreslår den politiske komiteen for politisk organisering, lokaldemokrati og innbyggarmedverknad. Inndelinga er samanfallande med dagens ungdomsskulekrinsar.

Den geografiske inndelinga er foreslått slik:

  • Ørskog
  • Skodje
  • Vatne/Tennfjord
  • Brattvåg
  • Nordøyane
  • Sandøy inkludert Fjørtoft
  • Skarbøvik (Hessa og Skarbøvika)
  • Ellingsøy
  • Spjelkavik (frå Åsestranda og inn til Blindheimstunnellen)
  • Kolvikbakken (Aspøy og Nørvøy inn til Åsestranda)
  • Blindheim

(Artikkelen fortset under kartillustrasjonen)

ungdomsskulekrinsar

Illustrasjonen viser dei forskjellige ungdomsskulekrinsane og kva skule dei er knytt til:

  1. Skarbøvik ungdomsskole - Ålesund
  2. Kolvikbakken ungdomsskole - Ålesund
  3. Spjelkavik ungdomsskole - Ålesund
  4. Blindheim ungdomsskole - Ålesund
  5. Ellingsøy barne- og ungdomsskole - Ålesund
  6. Skodje ungdomsskule - Skodje
  7. Ørskog ungdomsskule - Ørskog
  8. Vatne ungdomsskule - Haram
  9. Brattvåg ungdomsskule - Haram
  10. Haramsøy barne- og ungdomsskule - Haram
  11. Harøy barne- og ungdomsskule - Sandøy

Den politiske komiteen sender no forslaget ut til referansegruppa - som består av nokre av deltakarane frå folkemøta om lokaldemokrati som ble halde i mai, og til særlovsorgana i kommunane (ungdomsråd, eldreråd og råd for menneske med nedsett funksjonsevne) for å få innspel til forslaget.

Desse gruppene har frist til å uttale seg til 24. august. Endeleg sak blir lagt fram for fellesnemnda til avgjerd i september 2018. Fellesnemnda kom med sine innspel i ein workshop på fellesnemndmøtet 16. juni.

Oppgåver og pengar

Basert på intensjonsavtalen legg komiteen vekt på at kommunedelsutvala skal ha oppgåveer knytt til lokalsamfunnsutvikling, kultur og frivilligheit.

Komiteen meiner også at utvala må ha ein pott pentar til disposisjon, men det er ikkje tatt stilling til kor mykje kvart utval skal få.

Komiteen ønsker innspel frå gruppene på dette.

Fleire spørsmål til gruppene

Mottakarane av forslaget blir bedne om å uttale seg om den geografiske inndelinga av kommunedelsutvala, korleis medlemmane av kommunedelsutvala skal veljast og kor store dei skal vere.

Komiteen foreslår at medlemmane blir oppnemnde av det framtidige kommunestyret og at det skal ha 11 medlemmar, med fem representantar foreslått av lag og organisasjoner og seks representantar foreslått av dei politiske partia.

Gruppene får også spørsmål om korleis dei meiner kommunedelsutvala skal organiserast og korleis arbeidsformen i utvala skal vere.

Her er pdfheile høringsnotatet som blir sendt ut til gruppene. (PDF)

 

 

 

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.