Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Meir om grensejusteringa i Sandøy

Øyriket i romsdal sandøy kommune cropKommunal- og moderniseringsdepartementet meiner at grensejusteringa som gjer at Orta og Lyngværet går til Aukra og at Ona, Sandøy, Gåsøy og Sæterøya blir i Sandøy og nye Ålesund kommune, er den løysinga som best balanserer dei ulike hensyna i saken. Her kan du lese departementets grunngjeving.

Det kjem fram i vedtaket om grensejustering mellom kommunane Sandøy og Aukra.

Vedtaket innebærer at dei 11 fastbuande innbyggarane på Orta flyttast frå Sandøy kommune til Aukra. Justeringa gjeld også den ubebudde øya Lyngværet. Øyane Ona og Sandøya blir i Sandøy kommune.

Grensejusteringa ble utreda etter initiativ fra innbyggarane på dei tre øyane Ona, Sandøya og Orta i Sandøy kommune. Utredninga blei gjennomført av fylkesmannen i Møre og Romsdal, som anbefalte ei grensejustering for alle tre øyane.

Innbyggarne på Ona og Sandøya ønskte å tilhøyre Aukra. Departementet har hatt møte med kommunane og representantar for innbyggarane før vedtaket blei gjort.

Departmentet slår fast at grensejusteringar først og fremst skal vere eit verktøy for å tilpasse kommunegrenser til eksisterande samhandlingsmønstre og innbyggeranes bruk av kommunale tenester. Den må difor ha som mål å løse utfordringar for innbyggarane, som for eksempel kortare reiseveg eller demokratisk påverknad på tenestetilbodet.

– Etter ei heilheitleg vurdering meiner departementet at dette berre gjeld innbyggarane på Orta, på grunn av deira geografiske nærleik til Aukra, seier kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland.

Grunngjeving

I vedtaket viser departementet til innbyggarundersøkinga der eit klart fleirtall ønsker grensejusteringa. Eit så eintydig ønske blant innbyggarane må etter departementets vurdering tilleggast
vekt. Departementet meiner likevel at dette aleine ikkje kan avgjere utfallet av saken, dersom andre momenttalar mot ei grensejustering. Innbyggarane utgjer ein liten del av dagens Sandøy kommune, og ein enda mindre del av nye Ålesund kommune. Departementet meiner at konsekvensane for nye Ålesund kommune av ei grensejustering derfor vil være små. Departementet har
likevel forståingfor at ei grensejustering vil være eibelastningfor Sandøy kommune i den pågåande
samanslåingsprosessen til nye Ålesund kommune.

I søknaden frå innbyggarane og i fylkesmannens utgreiing blir det vist til tilknyting til og bruk av Molde som by, framfor Ålesund. Dette gjeld m.a. tenester, handel og bruk av flyplass.
Departementet meiner dette seier nokoom kva som er kvardagsregionen for innbyggarane, men departementet meiner også at det i vurderinga avei grensejustering må leggastklartmest vekt på tenester som er kommunale. I den samanheng er det også eit poeng at grensejusteringa ikkje dreier seg om overføring til Molde kommune, men til Aukra.

Departementet meiner grensejusteringar først og fremst skal vere eit reiskap for åtilpasse kommunegrenser til eksisterande samhandlingsmønstre og innbyggaranes bruk av kommunale tenester. Det ligg i dette at ei kommunegrense må gi nokre utfordringar for innbyggarane som ei grensejustering vil kunne løyse, til dømes kortarereiseveg eller demokratisk påverknad på tenestetilbodet dei nyttar, for at ei grensejustering skal bli vedtatt.

Innbyggarane mottar i dag det aller meste av tenester frå Sandøy kommune. Nye Ålesund kommune har lagt opp til å behalde tenestetilbod og -stader i dagens Sandøy kommune. Ei
vurdering av mogleg avstand og reisetid må derfor ta utgangspunkt i dette. Etter departementets vurdering er øyane i dag i liten grad knytt til Aukra kommune gjennom det kommunale tenestetilbodet, og i tilsvarande stor grad knytt til Sandøy kommune. Med unntak av Orten, er det ikkje synleggjort at grensejusteringa vil føre til forenklingar i tilgangen på
kommunale tenester for innbyggarane.

Statens kartverk har i sin høyringsuttale peikt på at den geografisk beste nye grensa kan trekkast ved å la Orten gå til Aukra, medandei to andre øyane blir verande i Sandøy. Dette skuldast
at det er her avstanden mellom øyane er størst og havet djupast. Etter departementets vurdering synleggjer ikkje fylkesmannens utgreiing at dei tre øyane har ein felles identitet eller på anna vis utgjer ein einingsom skil dei frå resten av Sandøy kommune.

Endringa vil skje frå 1. januar 2020, samtidig som den nye kommunen av Sandøy, Ålesund, Haram, Skodje og Ørskog trer i kraft.

Bakgrunn

8. juni 2017 vedtok Stortinget samanslåing av Sandøy, Ålesund, Skodje, Ørskog og Haram kommunar. 28. september 2017 gav departementet fylkesmannen i oppdrag å greie ut grensejusteringmellom kommunane Sandøy og Aukra, for øyane Ona, Sandøya og Orten. Oppdraget blei gitt etter initiativ frå innbyggarar i Sandøy, som fremja søknaden til fylkesmannen i august 2016. Søknaden var underskriven av 56 innbyggarar på øyane.

I etterkant av søknaden blei det også fremma eit initiativ om at utgreiinga skulle omfatte dei tre øyane Gåsøya, Seterøya og Lyngværet, der det ikkje bur innbyggarar. Disse øyane er omtalt i fylkesmannens utgreiing. Departementet vil i det følgjande omtale dei tre øyanemed fastbuande innbyggarar, ettersom ei grensejustering først og fremst vil ha konsekvensar for desse.

Det er 67 innbyggarar på dei tre øyane, noko som utgjer 5 prosent av innbyggartalet i dagens Sandøy. Det er 36 innbyggarar på Sandøya, 20 på Ona og 11 på Orten. Med tilhøyrande
havområder utgjer dei tre øyane om lag 40 prosent av det samla arealet i dagensSandøy. Det er ingen kommunale institusjonar på øyane, og innbyggarane mottek det aller meste av tenester frå Sandøy kommune på Harøya. Det er til dels store skilnader i reisetid frå dei ulike øyane til kommunale tenester i Sandøy og Aukra.
Ona har lengst reisetid til alle stader, men både Ona og Sandøya har vesentleg kortare vegtil tenester i Sandøy kommune enn i Aukra. For Orten er det kortast vegtil Aukra.

Ei spørjeundersøking blant innbyggarane viser at 85 prosent ønsker seg til Aukra, medan13 prosent vil bli i Sandøy. 2 prosent veit ikkje,

 

 

 

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.