Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

#littmitt_nyeålesund

instabildeLa oss bli kjende med kvarandre! Nye Ålesund har fått Instagramkonto. Del smått og stort frå din kommune og bruk tagen #littmitt_nyeålesund.

Dei fem kommunane i nye Ålesund har fantastisk vakker natur, flotte menneske og gode tilbod til innbyggarane sine. Kvar kommune har særtrekk som er spesielle og unike for nettopp den kommunen, samtidig som vi kanskje er likare enn vi trur. Ved å bruke tagen #littmitt_nyeålesund kan vi vise kvarandre noko av det som skjer i vår eigen kommune, kva vi er stolte av og kva vi er opptatte av.

Er det forestilling på skulen? Er du på et interessant møte? På trening? Har du raka krabbe? Vore på padletur eller gått yngdlingsturen din? Del det med oss andre slik at vi blir betre kjent med deg og din kommune.  

Nye Ålesund er stolt av dei fem kommunane og det vi allereie har fått til saman. Vi vil gjerne vise fram det  vi kan tilby våre innbyggarar og dei som besøker oss. Vi håper du vil bidra til å vise fram mangfaldet, menneska og dagleglivet i den nye kommunen ved å bruke tagen #littmitt_nyeålesund på Instagram.   

Vi i nye Ålesund blir glade for alle bidrag og skal forsøke å løfte fram enkelte av bilda vi får inn gjennom vekene.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.