Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Nye Ålesund med i Smarte Byer Norge

smartebyernorge logo originalNettverket har medlemmer frå næringsliv, forskningssektoren og blant kommunane i Norge. Målet er å få ei raskare smartbytuvikling.

Nettverket tar initiativ til samarbeid, legg til rette for gode møteplassar og har spennande utviklingssatsingar. Det skal vere ein stad der offentlege og private aktørar kan jobbe saman, fordi vi må samhandle om vi skal gjere samfunnet smartare. Nettverket er ein nøytral møteplass der alle aktørar som er interesserte i smartbyutvikling kan diskutere, dele erfaringar og hjelpe kvarandre.

Det er kostnadsfritt og uforpliktande å vere med.

Kva er ein smart by?

Smarte Byer Norge definerer ein smart by slik:

«Ein smart by/kommune bruker digital teknologi og innovative metodar for å gjere kommunen betre for innbyggarane og kommunen meir produktiv.»

Akkurat no arbeider Smarte Byer Norge for at Norge skal bli best på løysingar for smarte byar. Det er eit hårete mål der berekraftsmåla, omstillinga frå olje, fortetting til byane og kravet om eit transparent og ope samfunn er nøkkelord. Bakgrunnen for arbeidet er at innbyggarane våre går med ei datamaskin i lomma og forventar at det skal vere like lett å bruke kommunale tenester som å kjøpe sko på nettet.

Eitt av verkemidla for å nå målet er at nettverket skal bidra til at fleire aktørar tilbyr tilrettelagte data. For å få til det, må ein arbeide med å auke kompetansen om smarte byar og standardisering av data.

Møteplassar

I vår var det seminar der litt av det praktiske arbeidet som gjerast rundt i Smartby-Norge, blei vist fram og diskutert slik at alle kan få same kunnskap og lære om kva som blir gjort innan smartbyutvikling.

Smarte Byer Norge har fleire arrangement under Arendalsuka i august– med blant anna Smartbysafari der det blir skapt ein liten smart by, workshop om korleis kommunane kan samarbeide for å bli smartare seg i mellom og der Smartbyavtalen for opne data blir lansert.

Nettverket har ei open facebookgruppe – Smarte Byer Norge – Nettverket, der medlemmer og alle som er interesserte i smartbyutvikling kan vere med.

Sjå kven som er medlemmer i nettverket og meir om arbeidet på nettstaden smartebyernorge.no.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.