Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Kva for slag???

Minigrammatikk collageEit klart og godt språk er viktig for kommunalt tilsette. Under Verktøy for tilsette finn du råd og verktøy for å skrive godt norsk, uansett målføre. Kor god er du? Test deg sjølv på nett!

På sida Verktøy for tilsette finn du ein pdfMinigrammatikk som gir deg dei viktigaste reglane for nynorsk rettskriving. Den er kort og grei og ikkje uttømmande, men gir ei rettesnor etter gjeldande nynorskrettskriving frå 2012.

Verktøy innan språk gjeld ikkje berre nynorsk.

Du finn også generelle skriveråd for å skrive formelt rett og forståeleg med ei liste over ord og uttrykk som med fordel kan byttast ut i saksbehandling og brev.

Du finn også råd og tips om klart språk i kommunesektoren,  testar du kan ta, ordlister og video.

Kvifor?

Som offentleg tilsette har vi eit spesielt ansvar for å skrive slik at folk forstår. Det er eit demokratisk problem om folk ikkje skjønar tekstane våre. Då blir det vanskeleg for innbyggarane å medverke og delta i samfunnsdebatten.

Målet til staten og kommunane er å lage korte og klare tekstar. Mottakar skal forstå utan at den som skriv brukar tid på å oppklare misforståingar og forklare i etterkant.

 

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.