Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Fellesskapskommunen nye Ålesund

nye alesund_cheerleading_ foto_tonemolnesLes kronikken frå prosjektleiinga i nye Ålesund om fellesskapskommunen nye Ålesund og dei samarbeida vi har inngåt til no. 

Nye Ålesund ser at samfunnsendringane stiller nye krav til oss som kommune. I arbeidet med å bygge ein ny organisasjon, har vi ein unik mogelegheit til å møte desse.Frå og med 1. januar 2020 vil vi vere ein av dei største arbeidsplassane mellom Bergen og Trondheim. Oppgåvene vi har ansvaret for, angår kvardagslivet til 65 000 innbyggarar. Måten vi organiserer oss på, og ikkje minst den kulturen vi skaper, vil utgjere ein forskjell for mange.

Vi står framfor komplekse problemstillingar i dag og i framtida. Desse lar seg best løyse i samarbeid med andre, og vi treng møteplassar og nettverk på tvers av dei tradisjonelle grensene mellom kommune og innbyggarar, næringsliv og andre samfunnsaktørar. Vi må fokusere meir på innbyggarane sine behov, framfor tradisjonell utøving av mynde frå toppen av byråkratiet og ut i samfunnet. Tillitsbasert styring, mellommenneskeleg kommunikasjon, og evna til brubygging står sentralt.

Korleis skal vi så bygge ein organisasjon og ein kultur som kan gjennomføre dette? Som kommune må vi tenke nytt om oss sjølve, om rolla vår, og om måten vi løyser oppgåvene på. Kanskje må vi stille oss det heilt grunnleggande spørsmålet: Kva er ein kommune, eigentleg - og kva bør han vere i framtida?

I samband med den pågåande kommunereforma har dette spørsmålet blitt diskutert aktualisert gjennom spanande diskusjonar i heile Norden. I møte med mellom anna teknologiske endringar, ser både private og offentlege verksemder etter nye måtar å løyse oppgåvene på. Det offentlege har innsett at innovative løysingar ikkje veks fram gjennom berre ekspertdrivne og byråkratiske tilnærmingar. Det trengs meir av det som gjerne blir  kalla New public governance - samstyre.

Kva er ein kommune?

Det danske omgrepet ‘Kommune 3.0’ fangar opp denne tendensen. Det begynte med ‘Kommune 1.0’.

‘Kommune 1.0’ var først og fremst ein offentleg instans som utøvde makt og mynde. Innbyggarane måtte underlegge seg kommunens regelverk utan å ha spesielt store mogelegheiter til å påverke mellom vala kvart fjerde år.

‘Kommune 2.0’ var ei endring mot ein tenesteytande organisasjon der innbyggaren blei ein kunde og kommunen ein leverandør.

`Kommune 3.0`har oppstått i ei erkjenning av at dei store og komplekse oppgåvene i kommunal sektor ikkje kan løysast gjennom ein leverandør-kunde logikk aleine. Nokre analytikarar hevdar at vi no faktisk ser eit skifte frå sørvissamfunnet over mot eit fellesskapssamfunn der skattebetalarane ikkje berre kan sjå seg sjølv som kundar med krav og rett på tenester, men også som ein ressurs i arbeidet med å skape berekraftige velferdssamfunn.

Det norske ordet kommune kjem frå det latinske communis, som tyder ‘det som er felles’. Det peikar på interessefellesskapet mellom innbyggarane, næringslivet som skaper arbeidsplassar og verdiar, dei frivillige organisasjonane som bidrar til meiningsfulle liv, og kommuneorganisasjonen som skal legge til rette for ei god og demokratisk forvaltning av verdiar og tenester for alle innbyggarane. Nye Ålesund har eit spesielt ansvar for å legge til rette for at vi kan skape denne kjensla av fellesskap og ansvar.

Å bygge ein ny kommune er ein gigantisk fusjonsprosess, der drifta av dei kommunale tenestene skal gå som normalt, samtidig som ein skal samordne, utvikle og skape noko nytt. Sjølv om dette er litt som å skifte hjul på ein bil i fart, er vi i nye Ålesund opptatt av å utnytte moglegheitsvindauget som no er ope.

Kva gjer vi konkret?

Basert på Kommune 3.0-filosofien, arbeider vi derfor med ei rekke små og store tiltak.

Her er nokre av dei:

  • Nye Ålesund etablerer ein testarena ved Blue Innovation Arena ved NMK ( Norsk Maritimt Kompetansesenter) der vi i nettverk med vårt verdsleiande næringsliv, vil teste ut simulering og visualiseringsteknologi i utviklinga av kommunen som samfunn og  tenesteleverandør.
  • Vi inngår avtale med Norges teknisk-naturvitenskaplige universitet ( NTNU) om å bli eit levande laboratorium for forskings- og utviklingsmiljø. Nye Ålesund vil med dette ha ei tydelegare stemme i kva som skal forskast på av dei kommunale tenestene til det beste for innbyggarane.
  • Vi har inngått partnarskap med nettverket NExTdigital. Dette består av  bedrifter på Sunnmøre som ønsker å samarbeide om mogelegheitene som digitalisering og teknologi byr på. Nettverket finn løysingar på digitale utfordringar i fellesskap.
  • Vi har inngått avtale med nettverket Smarte Byer Norge som består av medlemmer frå næringsliv, forskningssektor og kommunar der målet er å få ei raskare smartbyutvikling. Ein smart by er ein by/kommune som bruker digital teknologi og innovative metodar for å gjere kommunen betre for innbyggarane og kommunen meir produktiv.
  • Vi har etablert Newtonrom for alternativ undervisning i samarbeid mellom kommunane, NMK og Sparebanken Møre. Teknologi og forsking er stikkord her.
  • Vi ønsker å betre samspelet mellom kommune og frivillige og testar ut dei digitale programma NyBy og Friskus. I første omgang køyrer vi pilotar på dette i Haram, Skodje og Ålesund knytt til frivilligsentralane.
  • Vi arbeider med felles klima-, areal- og transportplanlegging mellom nye Ålesund, Giske og Sula, Møre og Romsdal fylkeskommune og Statens vegvesen. Skal vi nå ambisjonane om å bli eit kraftsenter mellom Bergen og Trondheim, må alle forvaltningsnivå og aktørar innan planlegging spele på lag.
  • Vi er i ein spanande dialog med AaFK om eit samarbeid. Begge partar har ei felles målsetting om å bygge ein sterk felles identitet og stoltheit til Ålesundregionen. Nye Ålesund er stolte over regionlaget vårt og deira fokus på verdiar og samfunnsansvar.

Nye Ålesund kommune er i emning. Målet er å bygge ein fellesskapskommune der vi gjennom openheit og samarbeid skaper dei gode løysingane saman med næringsliv, akademia, innbyggarar og frivillige.


Du finn oss i lokala våre på bakkenivå i Kremmergaarden. Stikk gjerne innom!

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.