Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

God digitalisering – også for dei eldre

Helge veum web
Nye Ålesund skal vere ein føregangskommune i digitalisering. Løysningane våre må fungere godt for alle, både for dei med lav digital kompetanse og for dei meir kravstore brukarane.

I intensjonsavtalen for nye Ålesund kommune er det fastsett at «den nye kommunen skal vere ein føregangskommune i digitalisering og teknologibasert utvikling». Høge forventningar om digitalisering er i tråd med føringar kommunane får frå regjering og storting. For å nå dette kan vi på ingen måte sakke tempoet.

- Digitaliseringsarbeidet i nye Ålesund er høgt prioritert, og det er naudsynt for å klare å levere gode framtidsretta tenester til alle. Om vi ikkje legg godt til rette for at blant anna eldre brukarar kan nytte seg av løysningane våre, er vi det motsette av ein føregangskommune. Vi skal lytte til dei ulike brukargruppene, seier koordinator for IKT og digitalisering i nye Ålesund Helge Veum.

Effektive tenester for framtida

Når ein nyttar fellesskapets ressursar er det viktig at vi snur alle steinar for å levere kommunale tenester som er framtidsretta og kostnadseffektive.

- Vi veit at samansetninga av befolkninga medfører at vi må tenke nytt i korleis vi leverer dei kommunale tenestene. For dei fem kommunane som utgjer nye Ålesund kommune, tilseier tal frå SSB at vi i 2016 hadde 4,3 innbyggarar i arbeidsfør alder (20-66 år) for kvar eldre innbyggar (67 og eldre). I 2040 vil dette talet vere 2,8 i arbeidsfør alder per eldre, forklarar Helge.

Arbeidsføre og eldre er samansette grupper som vil utvikle seg, men framtidsbiletet er relativt klart; færre skattytarar per tenestemottakar. Digitalisering er eit viktig virkemiddel for å klare levere gode tenester i framtida på alle område.
For område som helse og velferd må vi vere opne på at digitaliseringa vil stille enda større krav til oss for å sikre at møtet mellom teknologi og innbyggar blir gjort forsvarleg. Dei samfunnsetiske problemstillingane er nok større her enn ved digitalisering av kommunikasjon som vi kjenner best i dag.

Høgt tempo er nødvendig

For vår del har vi ikkje råd til å ta det med ro i digitaliseringsarbeidet. Eit av måla vi har sett oss i digitaliseringsarbeidet er at «innbyggarane i nye Ålesund skal ha kompetanse til å bruke dei digitale løysningane dei møter i sin kvardag».

- At vi her har med oss dei eldre innbyggarane er viktig, og vi vil være tidlig ute med å inviterer til samarbeid og ta dei med på råd om utforminga av morgondagens løysningar, seier Veum.

(Denne saka er basert på eit tilsvar til Pensjonistforbundets debattinnlegg i Sunnmørsposten den 7. august 2018)

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.