Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Første storsamling for ungdomsråda

representantar for ungdomsråda i nye ÅlesundMåndag 20. august skal alle dei fem ungdomsråda i kommunane som skal danne nye Ålesund for første gong møtest til felles samling. Det er Haram ungdomsråd som har teke initiativ til storsamlinga og møtet skal haldast i Ingebrigt Davik-huset i Brattvåg.

Frå 1. januar 2020 skal kommunane Haram, Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund danne nye Ålesund kommune. Fram mot denne samanslåinga må kommunane i fellesskap gjennom mange og store politiske og administrative prosessar og har såleis behov for å lære kvarande å kjenne.

No er det altså den yngre garde sin tur til å møtest for å knyte band og bli betre kjende.

- Ungdommane har lenge sett eit behov for å samlast for felles dialog i førekant av kommunesamanslåinga og har også blitt oppfordra til felles arrangement for å skape ein arena for samhandling, seier Tove-Laila Bjerke som er koordinator for Haram ungdomsråd.

- I Haram har vi jobba med å få til ei samling sidan april månad og før sommarferien vart det sendt ut invitasjon til ungdomsråda i dei andre nye Ålesund-kommunane. No gler vi oss til å kunne ønskje velkomen til det første av sikkert fleire felles møte.

Det er leiar i Haram ungdomsråd, Petar Milic, som skal leie møtet. I tillegg til å lose møtedeltakarane gjennom kvelden skal han også halde eit innlegg om «Korleis jobbe vidare fram mot samanslåing».

Med seg på programmet har han Randi W. Frisvoll, varaordførar i Haram og Kari Grindvik som er leiar i prosjektgruppa for Politisk struktur i nye Ålesund. Det er elles avsett tid til presentasjon av dei ulike ungdomsråda og til gruppearbeid rundt temaet «Korleis ønskjer ungdommen å påverke».

Bilde frå venstre:

Kayla Astrid Sandøy Surowiec- nestleiar i ungdommens kommunestyre i Sandøy, Lene Vadseth Larsgård - leiar i Ålesund ungdomsråd, Kari Stavdal - leiar i ungdommens kommunestyre i Ørskog,Myriam Lazrek -  medlem i Skodje ungdomsråd, Petar Milic -  leiar i Haram ungdomsråd,

 

 

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.