Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Forslag om Bli kjent-fond og foretak

ill sakspapirArbeidsutvalet skal diskutere om nye Ålesund skal opprette eit fond til arrangement og aktivitetar over kommunegrensene og om det skal starte eit arbeid for å vurdere kommunale føretak.

Arbeidsutvalet, som består av ordførarane i kommunane, møtast til det første møtet i haust, 5. september på Ingebrigt Davik-huset i Brattvåg. Møtet er ope for publikum.

Bli kjent-fond

Prosjektleiar foreslår å opprette eit fond der lag og organisasjonar eller institusjonar kan søke støtte til arrangement eller aktivitetar som inkluderer inbyggarar i minimum to av kommunane i nye Ålesund. Det er foreslått å sette av 500 000 kroner i fondet fram til 1. januar 2020.

Tanken bak fondet er å stimulerer til aktivitet som skaper felles identitet i den nye kommunen, bringe folk saman på tvers av kommunegrensene og legge til rette for at vi kan bli betre kjende med kvarandre gjennom aktivitet og samarbeid. Det kan til dømes vere klasseturar, pensjonisttreff, kulturarrangement og idrettsaktivitetar. Tiltaket det kan søkjast tilskot til, må skje i ein eller fleire av kommunane.

Forslaget opnar for at det kan søkast om tilskot på inntil 50 000 kroner per tiltak eller arrangement. Tildelingsbeløpet blir vurdert ut frå tal på deltakarar og kor mange kommunar som er involverte.

Søknadane blir behandla av den politiske komiteen Kulturbygging og verdiar i nye Ålesund kommune. Vedtak om tilskot vert gitt skriftleg.

Du finn forslaget i sakspapira til møtet.

Kommunale føretak?

Partssamansett utval skal i forkant av arbeidsutvalsmøtet gje sine synspunkt om korleis ein skal organisere dei eksisterande føretaka i nye Ålesund.

Eit kommunalt føretak (KF) har eit eige styre oppretta av kommunestyret og rapporterer direkte til kommunestyret, medan andre kommunale område i den kommunale organisasjonen ligg under rådmannen.

Desse fire områda er i dag organisert som kommunale føretak:

  • Ålesund kommunal eigedom KF i Ålesund
  • Ingebrigt Davik huset i Haram
  • Ålesund brannvesen KF i Ålesund
  • Møre og Romsdal 110-sentral KF i Ålesund

Prosjektleiar ønsker å begynne å arbeide med korleis eigedomsdrift og eigedomsforvaltning skal organiserast i nye Ålesund kommune. Grunnen er at det i løpet av huasten skal arbeidast med mål, strategiar, organisasjons- og bemanningsplanar og plan for harmonisering av alle kommunal- og stabsområda. Val av organisasjonsform i dei eksisterande føretaka er ein viktig faktor i arbeidet.

Prosjektleiar foreslår difor at partssamansettut val og arbeidsutvalet diskuterer om fellesnemnda skal be om ein sak om framtidig organisering av eigedomsforvaltning og eigedomsdrift. Prosjektleiar foreslår at Ingebrigt Davik-huset og Ålesund brannvesen vidareførast som kommunalt føretak.

Møre og Romsdal 110-sentral KF er under utgreiing i samsvar med rapporten om interkommunale samarbeid; Hopehav.

Heile forslaget i sakspapira til møtet.

Overgangen til ny kommune

Arbeidsutvalet skal diskutere eit forslag til kva som skal skje frå kommunevalet i september 2019 fram til 1. januar 2020. Kva rolle har fellesnemnda, det nyvalde kommunestyret og dei enkelte kommunestyra i denne perioden?

Heile forslaget i sakspapira til møtet.

Møta

Møtet i partssamansett utval er 5. september  klokka 10.00 - 11.30  på Ingebrigt Davik-huset i Brattvåg, Haram.

Du finn alle sakpspapira under Politikk > Møteplan og det aktuelle møtet.

Arbeidsutvalets møte er frå klokka 12.00  - 15.00 på same stad.

Din finn alle sakspapira under Politikk > Møteplan og det aktuelle møtet.

Fellesnemnda tar endeleg avgjerd i sakene på sitt møte på Ingebrigt Davik-huset, 13. september.

 

 

 

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.