Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Arbeidsutvalet foreslår Bli kjent-fond

arbeidsutvalet haram 050918Arbeidsutvalet foreslår at nye Ålesund får eit Bli kjent-fond der lag, organisasjonar og andre kan søke om pengar til arrangement eller aktivitetar som inkluderer innbyggarane i minst to av kommunane.

Arbeidsutvalet hadde møte i Haram, 5. september. I forkant av arbeidsutvalets møte, møttast også partsamansett utval.

Bli kjent-fond

Arbeidsutvalet tilrår at fellesnemnda går inn for å opprette eit fond der lag og organisasjonar eller institusjonar kan søke støtte til arrangement eller aktivitetar som inkluderer inbyggarar i minimum to av kommunane i nye Ålesund. Det er foreslått å sette av 500 000 kroner i fondet fram til 1. januar 2020.

Tanken bak fondet er å stimulerer til aktivitet som skaper felles identitet i den nye kommunen, bringe folk saman på tvers av kommunegrensene og legge til rette for at vi kan bli betre kjende med kvarandre gjennom aktivitet og samarbeid. Det kan til dømes vere klasseturar, pensjonisttreff, kulturarrangement og idrettsaktivitetar. Tiltaket det kan søkjast tilskot til, må skje i ein eller fleire av kommunane.

Ideen kom frå innbyggarar i nye Ålesund og er inspirert av nye Molde, som allereie har eit slikt fond.

Forslaget opnar for at det kan søkast om tilskot på inntil 50 000 kroner per tiltak eller arrangement. Tildelingsbeløpet blir vurdert ut frå tal på deltakarar og kor mange kommunar som er involverte.

Arbeidsutvalet foreslår at utvalet skal ha mynde til å tildele tilskotet i samsvar med reglane for fondet. Vedtak om tilskot blir gitt skriftleg.

Det vil bli annonsert når det er klart for å søke om pengar til tiltak og arrangement.

Du finn forslaget i sakspapira til møtet.

Kommunale føretak?

Eit kommunalt føretak (KF) har eit eige styre oppretta av kommunestyret og rapporterer direkte til kommunestyret, medan andre kommunale område i den kommunale organisasjonen ligg under rådmannen.

Desse fire områda er i dag organisert som kommunale føretak:

  • Ålesund kommunal eigedom KF i Ålesund
  • Ingebrigt Davik huset i Haram
  • Ålesund brannvesen KF i Ålesund
  • Møre og Romsdal 110-sentral KF i Ålesund

Arbeidsutvalet tilrår at prosjektleiar skal legge fram ei eiga sak om framtidig organisering av eigedomsforvaltning og eigedomsdrift i nye Ålesund frå og med 01.01.2020.

Etter forslag frå partssamansett utval tilrår arbeidsutvalet at fellesnemnda ber styringsgruppa for Kultur og medborgarskap å ta inn i sitt arbeid å vurdere om Ingebrigt Davik-huset KF skal vidareførast som kommunalt føretak.

Arbeidsutvalet tilrår også at organiseringa  av Ålesund brannvesen KF skal behandlast som eiga sak etter at faggruppa for brann og redning har lagt fram sitt forslag til organisering.

Bakgrunnen for innstillinga frå arbeidsutvalet er ein sak der prosjektleiar ønsker å begynne å arbeide med korleis eigedomsdrift og eigedomsforvaltning skal organiserast i nye Ålesund kommune. Grunnen er at det i løpet av hausten skal arbeidast med mål, strategiar, organisasjons- og bemanningsplanar og plan for harmonisering av alle kommunal- og stabsområda. Val av organisasjonsform i dei eksisterande føretaka er ein viktig faktor i arbeidet.

Møre og Romsdal 110-sentral KF er under utgreiing i samsvar med rapporten om interkommunale samarbeid; pdfHopehav. (PDF).

Heile forslaget i sakspapira til møtet.

Overgangen til ny kommune

Arbeidsutvalet diskuterte eit forslag til kva som skal skje frå kommunevalet i september 2019 fram til 1. januar 2020. Kva rolle har fellesnemnda, det nyvalde kommunestyret og dei enkelte kommunestyra i denne perioden?

Heile utgreiinga finn du i sakspapira til møtet.

Fellesnemnda avgjer

Det er fellesnemnda som tar endeleg avgjerd i sakene. Fellesnemdna møtest på Ingebrigt Davik-huset i Brattvåg, 13. september klokka 09.00 - 15.00.

Møtet er ope for publikum.

 

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.