Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Nye Ålesund - på full fart inn i framtida

ill.internet pixabay creative commonsKorleis endrar ny teknologi samfunnet, og kva betyr det for kommunen? Kva skjer i nye Ålesund når det gjeld innovasjon og utvikling? Nye Ålesund inviterer politikarar, tilsette og samarbeidspartar til konferanse.

Konferansen er på Color Line Stadion, VIP-avdelinga, 3. oktober. Det er ein intern konferanse der fellesnemnd, kommunestyra, tilsette, tillitsvalde og samarbeidspartar er inviterte.

Innleiarane på denne konferansen vil frå ulike ståstader belyse korleis kravet om innovasjon og bruken av ny teknologi påverkar oss som kommune, som politikarar, som leiarar og tilsette. Du vil óg få ein smakebit på det som foregår i og omkring nye Ålesund og som skal bidra til å bygge innovasjonskapasitet i den nye kommunen.

pdfHer finn du Invitasjonen i PDF.

Påmeldingsskjema til konferansen.

 

Program

 Tidspunkt     

 Tema

08.30 -  09.00                Registrering og kaffe
 09.00 - 09.20

Opning ved leiar i fellesnemnda, Eva Vinje Aurdal
Kulturinnslag

 09.20 - 10.50 Korleis endrar ny teknologi samfunnet, og kvabetyr det for oss som kommune?
Arne Krokan, professor ved NTNU Trondheim
 10.50 - 11.05 Borddiskusjon og innspel frå deltakarane
 11.05 - 11.15 Pause
11.15 - 11.45 Kva skjer i nye Ålesund?
2 minutts speed-presentasjonar frå ulike innleiarar
11.45 - 12.30 Lunsj
12.30 - 14.00 Korleis samskaper smarte kommunar med innbyggarane?
Jacob Torfing, professor ved universitetet i Roskilde
14.00 - 14.30 Brukerdriven innovasjon - ei sirkulær reise i eit lineært system.
Cecilie Campbell, dagleg leiar i ALV-Møre og Romsdal
14.30 - 14.45  Borddiskusjon og innspel frå deltakarane
14.45 - 14.55   Pause
14.55 - 15.25   Kva skjer i nye Ålesund?
2 minutts speed-presentasjonar frå ulike innleiarar
15.25 - 15.55

Forsvarleg digitalisering
Helge Veum, prosjektkoordinator IKT og digtialisering i nye Ålesund kommune    

15.55 - 16.00

Oppsummering 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Dette er hovudinnleiarane

Innleiar

 Om

Arne Krokan

 
Arne krokan                              

Arne Krokan er professor ved NTNU der han arbeider med prosjekt som omhandlar problemstillingar i skjæringspunktet mellom teknologi, organisasjon og samfunn.

Krokan sitt store prosjekt er å forstå meir av korleis ny teknologi endrar samfunnet, spesielt organisasjonar, deira forretningsmodellar og vilkår for verdiskaping.

 Jacob Torfing

 
jacob torfing  

Jacob Torfing er professor i politikk og offentleg administrasjon ved Roskilde universitet. Torfing har bidratt til at omgrepet samskaping har blitt ein del av vokabularet for dei med interesse for innovative prosessar i offentleg sektor.
Samskaping er når to eller fleire offentlege og private partar inngår i eit likeverdig samarbeid for å finne nye og betre løysingar.

Det er ikkje samskaping, når kommunen:
- sender nesten ferdige løysingar på høyring.
- involverer innbyggarane i forprogrammerte prosessar.
- flyttar oppgåver frå det offentlege til private aktørar for å  spare pengar.

Cecilie Campbell

 
Cecilie Campell2 crop

Cecilie Campbell er leiar i ALV-Møre og Romsdal. ALV er ein læringsarena for velferdsteknologi, drifta gjennom eit partnarskap mellom NTNU i Ålesund og 16 kommunar. ALV-Møre og Romsdal jobbar for å bygge og dele kunnskap om velferdsteknologi gjennom samarbeid mellom det offentlege, akademia, brukarorganisasjonar, privat næringsliv og andre samfunnsaktørar.

Campbell er tett på menneska i møte med teknologien, tilsette i møte med brukarar, brukarar i møte med kommunen.

Helge Veum

 
helge veum

Helge Veum har ansvaret for arbeidet med IKT og digitalisering i prosjektorganisasjonen for nye Ålesund. Veum har mange års erfaring som avdelingsdirektør i Datatilsynet og har med seg viktige perspektiv inn i arbeidet knytt til personvern og informasjonssikring.

Nye Ålesund skal handtere den krevjande oppgåva med å skape gode digitale løysningar som også er forsvarlege når det gjeld informasjonssikring og personvern.  I tillegg er det fleire forvaltningsetiske og samfunnsetiske spørsmål som vi må handtere når vi arbeider med ny teknologi som kunstig intelligens og store data.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.