Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Fellesnemnda avgjer kommunedelutval

Grensesteiner Ålesund Borgund på Sukkertoppen cropTorsdag 13. september møtest fellesnemnda i nye Ålesund. Då skal politikarane mellom anna bestemme namn på kommunedelutvala, korleis dei skal organiserast, kva oppgåver dei skal ha og geografisk inndeling.

Fellesnemnda møtast i Haram på Ingebrigt Davik-huset i Brattvåg klokka 09.00. Møtet er ope for publikum.

Det blir først gitt nokre orienteringar før behandlinga av saker begynner klokka 10.45. Fellesnemnda er samansett av fem politikarar frå kvar av dei fem kommunane og tar avgjerder som gjeld bygginga av ny kommune fram til den nye kommunen formelt er på plass 1. januar 2020.

Du kan følge møtet direkte ved å klikke på denne lenka. Sendinga begynner ikkje før møtet startar.

 

Kommunedelutval

Den politiske komiteen som arbeider med politisk organisering i nye Ålesund legg fram eit forslag om kommunedelutval for fellesnemnda.

Eit forslag har vore ute på høyring til råda for menneske med nedsett funksjonsevne, eldreråd og undomsråd og ei referansegruppe sett ned etter folkemøte om lokaldemokrati. 17 svar er komne inn.

Namn på kommunedelutvala

Komiteen foreslår 11 kommunedelutval som følger ungdomsskolekrinsane.

Namn på kommunedelutvala var ikkje ein del av høyringsforslaget frå komiteen, komiteens forslag gjaldt geografisk inndeling. Etter drøftingar i komiteen har ein også vald å foreslå namn på kommunedelutvala fordi fleire har oppfatta ungdomsskolekrinsane som namneforslag og gitt sine forslag til namn på kommunedelutvala i høyringa.

Komiteen foreslår at namna på kommunedelutvala i hovudsak følger gjeldande kommunenamn og stadnamn og er ei vidareføring av dagens namn på bydelsutvala i Ålesund. Det er ikkje til hinder for at kommunedelutvala sjølve kan fremme sak om namneendring etter konstituering.

Komiteen foreslår følgande namn:

  • Ellingsøy
  • Hessa, Skarbøvik og Aspøy
  • Indre Borgund
  • Nørvøy, Nørvasund og Hatlane
  • Spjelkavik, Åse og Lerstad
  • Skodje
  • Ørskog
  • Sandøy og Fjørtoft
  • Brattvåg, Hildre og Søvik
  • Vatne og Tennfjord
  • Nordøyane

Tal på medlemmer

Komiteen foreslår at utvala får 11 medlemmar, der seks kjem frå eit politisk parti og fem er foreslått av lag, organisasjonar og/eller lokalmiljøa.

Forslaget inneber at innbyggarane i kommunedelen oppmodast til å foreslå kandiatar. Det er ønskeleg med breiast mogleg representasjon når det gjeld alder og interesser, foreiningar, lag, lokale utval og innbyggarar. Krav om kjønnsbalanse gjeld. Nedre aldersgrense er foreslått til 14 år.

Komiteen meiner at 1 - 2 medlemmar i utvalet bør vere medlemmar i kommunestyret og at kommunedelutvala konstituerer seg sjølv og vel sin eigen leiar/nestleiar.

Arbeidet i kommunedelutvala

Komiteen foreslår at utvala får sine mandat frå kommunestyret og at dei rapporterer dit. Det skal vere faste, årlege møte mellom kommunedelutvala og administrativ og politisk leiing i kommunen.

Kommunedelutvala skal vere utvikling- og planleggingsorgan for saker som gjeld den aktuelle kommunedelen.

Utvala skal ta initiativ til utvikling av lokalmiljøet og ha medverknad i saker av interesse for kommunedelen, spesielt med tanke på lokalsamfunnet, kultur og frivilligheit. Komiteen meiner utvala også skal gje tilgråding til overordna politiske organ i plansaker og andre saker som vedkjem kommunedelen.

Kommunedelutvala skal være høyringsinstans i alle saker om gjeld den aktuelle kommunedelen.

Komiteen ønsker at utvala skal ha ein pott pengar til disposisjon til lokale tiltak. Det skal utarbeidast ein fordelingsnøkkel som sikrar eit grunnbeløp og som tar omsyn til folketalet i dei ulike kommunedelane.

Heile saksframlegget om kommunedelutval. Her ser du også høyringsuttalane som er komne inn.

Andre saker

Arbeidsutvalet - som består av ordførarane i dei fem kommunane, har gitt si tilråding i fleire av sakene som skal opp i fellesnemnda. Det gjorde dei i sitt møte 5. september.

 Arbeidsutvalet tilrådde at fellesnemnda oppretter eit Bli kjent-fond der lag, organisasjonar og institusjonar kan søke om støtte til arrangement eller aktivitetar.

Utvalet ga også si tilråding når det gjeld arbeidet med kommunale føretak framover.

Du kan lese meir om tilrådingane i nettsaken Arbeidsutvalet foreslår Bli kjent-fond.

Alle sakene som skal opp i møtet 13. september finn du under Politikk >Møteplan. Gå til det rette politiske organet og vel dato.

 

 

 

 

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.