Skrevet den . Publisert i Nyheiter

Har du forslag til nytt kommunevåpen?

Alle kommunene kommunevapen web

Konkurransen om å teikne kommunevåpenet til nye Ålesund kommune går mot slutten. Vil du bidra? Send inn ditt forslag innan 1. november.  

- Vi håper på stort engasjement blant innbyggarar, tilsette, skular, barnehagar, næringsliv, lag, foreiningar og alle andre som har gode idear, fortel ordførar i Haram og leiar i komiteen for arbeidet med kommunevåpen, Vebjørn Krogsæter.  


Kårar klassevinnar, barnehagevinnar og folket sin favoritt

Alle grunnskule-klassar som teiknar blir med i trekking av ein premie, ein dag på Atlanterhavsparken akvarium i Ålesund med transport. Barnehagar som deltek kan og vinne ein tur til Atlanterhavsparken med ei avdeling frå barnehagen.Etter fristen er ute 1. november vil alle innsende bidrag bli lagt ut elektronisk på www.nyealesund.no Her blir det avstemming for å kåre folket sin favoritt. Folket sin favoritt vinn ei gåveeske med lokalt produserte råvarer til ein verdi av 2.000 kroner. 

Slik deltek du

Alle skular og barnehagar får tilsend mal for kommunevåpen som ein kan skrive ut.  Slik deltek du:

  1. Bruk mal for kommunevåpen eller teikn eit våpenskjold så stort som råd innanfor eit A4-ark.
  2. Fyll ut våpenskjoldet med motivet som du meiner bør symbolisere nye Ålesund kommune. Forslaget kan vere ei skisse – det er ideen som blir vurdert.
  3. Skriv ein kort beskrivande tekst og grunngi kva du har foreslått.
  4. Arket/fila/biletet av teikninga må ikkje innehalde tekst. Skriv forklaringa på kva du har teikna, kvifor og din kontaktinformasjon på eit eige ark eller i e-posten, men ikkje på teikninga. Teikninga skal kunne presenterast åleine og anonymisert.

Malar:

Du kan velje den malen du selv ønskjer. Den eine er ein moderne variant og den andre er ein tom mal med buet form og krone.

Mal 1: Mal_kommunevaapen1.pdf

Mal byvapen1

 

 

 


Mal 2: Mal_kommunevaapen2.pdf

 Mal byvapen2

 

 

 

Her er nokre råd om kommunevåpen

Slik sender du inn ditt forslag!

Fristen for å sende inn forslag var 1. november og du kan ikkje sende inn forslag lenger. Avstemminga blir klar når alle forslaga er gjennomgått og gjort klart.

Viktig med idémyldring

Målet med den opne idémyldringa er å få fram gode idear. Ved å delta i konkurransen godkjenner du at din idé til nytt kommunevåpen kan bli nytta i den vidare prosessen. Den neste fasa blir truleg ein lukka konkurranse med eit utval profesjonelle byrå. I komiteen for kommunevåpen er det med representantar frå alle kommunar i nye Ålesund kommune. Sjå mandat og meir informasjon om komiteen på vår samleside.

Tidsplan