Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Vedtok Bli kjent-fond

haram 130918Fellesnemnda vedtok å opprette Bli kjent-fond og å opprette 11 kommunedelutval. Namna på utvala følger i hovudsak kommunenamn og stadnamn og er ei vidareføring av dagens namn på bydelsutvala.

Fellesnemnda møttast i Haram på Ingebrigt Davik-huset i Brattvåg 13. september.

 Fellesnemnda er samansett av fem politikarar frå kvar av dei fem kommunane og tar avgjerder som gjeld bygginga av ny kommune fram til den nye kommunen formelt er på plass 1. januar 2020.

Bli kjent-fond

Fellesnemnda å opprette eit fond der lag og organisasjonar eller institusjonar kan søke støtte til arrangement eller aktivitetar som inkluderer inbyggarar i minimum to av kommunane i nye Ålesund. Det er sett av 500 000 kroner i fondet fram til 1. januar 2020.

Tanken bak fondet er å stimulere til aktivitet som skaper felles identitet i den nye kommunen, bringe folk saman på tvers av kommunegrensene og legge til rette for at vi kan bli betre kjende med kvarandre gjennom aktivitet og samarbeid. Det kan til dømes vere klasseturar, pensjonisttreff, kulturarrangement og idrettsaktivitetar. Tiltaket det kan søkjast tilskot til, må skje i ein eller fleire av kommunane.

Ideen kom frå innbyggarar i nye Ålesund og er inspirert av nye Molde, som allereie har eit slikt fond.

Det kan søkast om tilskot på inntil 50 000 kroner per tiltak eller arrangement. Tildelingsbeløpet blir vurdert ut frå tal på deltakarar og kor mange kommunar som er involverte.

Arbeidsutvalet skal ha mynde til å tildele tilskotet i samsvar med reglane for fondet. Vedtak om tilskot blir gitt skriftleg.

Det vil bli annonsert når det er klart for å søke om pengar til tiltak og arrangement.

Kommunedelutval

Fellesnemnda vedtok at nye Ålesund skal ha 11 kommunedelutval i samsvar med framlegget frå den politiske komiteen som arbeider med politisk organisering i den nye kommunen..

Eit forslag har vore ute på høyring til råda for menneske med nedsett funksjonsevne, eldreråd og undomsråd og ei referansegruppe sett ned etter folkemøte om lokaldemokrati. 17 svar er komne inn.

Namn på kommunedelutvala

Kommunedelutval får ei geografisk inndeling som følger ungdomsskolekrinsane.

Dei får følgande namn:

  • Ellingsøy
  • Hessa, Skarbøvik og Aspøy
  • Indre Borgund
  • Nørvøy, Nørvasund og Hatlane
  • Spjelkavik, Åse og Lerstad
  • Skodje
  • Ørskog
  • Sandøy og Fjørtoft
  • Brattvåg, Hildre og Søvik
  • Vatne og Tennfjord
  • Nordøyane

Namna på kommunedelutvala følger i hovudsak gjeldande kommunenamn og stadnamn og er ei vidareføring av dagens namn på bydelsutvala i Ålesund. Det er ikkje til hinder for at kommunedelutvala sjølve kan fremme sak om namneendring etter konstituering.

Tal på medlemmer

Utvala får 11 medlemmar, der seks kjem frå eit politisk parti og fem er foreslått av lag, organisasjonar og/eller lokalmiljøa.

Innbyggarane i kommunedelen skal oppmodast til å foreslå kandiatar. Det er ønskeleg med breiast mogleg representasjon når det gjeld alder og interesser, foreiningar, lag, lokale utval og innbyggarar. Krav om kjønnsbalanse gjeld. Nedre aldersgrense er foreslått til 14 år.

1 - 2 medlemmar i utvalet bør vere medlemmar i kommunestyret og kommunedelutvala konstituerer seg sjølv og vel sin eigen leiar/nestleiar.

Arbeidet i kommunedelutvala

Utvala får sine mandat frå kommunestyret og rapporterer dit. Det skal vere faste, årlege møte mellom kommunedelutvala og administrativ og politisk leiing i kommunen.

Kommunedelutvala skal vere utvikling- og planleggingsorgan for saker som gjeld den aktuelle kommunedelen.

Utvala skal ta initiativ til utvikling av lokalmiljøet og ha medverknad i saker av interesse for kommunedelen, spesielt med tanke på lokalsamfunnet, kultur og frivilligheit. Komiteen meiner utvala også skal gje tilgråding til overordna politiske organ i plansaker og andre saker som vedkjem kommunedelen.

Kommunedelutvala skal være høyringsinstans i alle saker om gjeld den aktuelle kommunedelen.

Utvala skal ha ein pott pengar til disposisjon til lokale tiltak. Det skal utarbeidast ein fordelingsnøkkel som sikrar eit grunnbeløp og som tar omsyn til folketalet i dei ulike kommunedelane.

Kommunale føretak

Eit kommunalt føretak (KF) har eit eige styre oppretta av kommunestyret og rapporterer direkte til kommunestyret, medan andre kommunale område i den kommunale organisasjonen ligg under rådmannen.

Desse fire områda er i dag organisert som kommunale føretak:

  • Ålesund kommunal eigedom KF i Ålesund
  • Ingebrigt Davik huset i Haram
  • Ålesund brannvesen KF i Ålesund
  • Møre og Romsdal 110-sentral KF i Ålesund

Fellesnemnda ønsker å starte arbeidet med korleis eigedomsdrift og eigedomsforvaltning skal organiserast i nye Ålesund kommune. Grunnen er at det i løpet av hausten skal arbeidast med mål, strategiar, organisasjons- og bemanningsplanar og plan for harmonisering av alle kommunal- og stabsområda. Val av organisasjonsform i dei eksisterande føretaka er ein viktig faktor i arbeidet.

Fellesnemnda ber prosjektleiar legge fram eiga sak om framtidig organisering av eigedomsforvaltning og eigedomsdrift i nye Ålesund frå og med 01.01.2020.  Prosjektleiar skal også vurdere organisasjonsformene kommunalt føretak (KF)  og kommunal organisasjon (etatsmodell).

Fellesnemnda ber styringsgruppa for kommunalområde for kultur og medborgarskap ta inn i sitt arbeid å vurdere om Ingebrigt Davik-huset i Haram  skal vidareførast som kommunalt føretak

Organiseringa av Ålesund brannvesen KF skal behandlast som eiga sak etter at faggruppa for brann og redning har lagt fram sitt forslag til organisering.

Alle sakene som var oppe i møtet 13. september finn du under Politikk >Møteplan. Gå til det rette politiske organet og vel dato.

Neste møte i fellesnemnda er 4. oktober. Møtet blir streama og er ope for publikum.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.