Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Friskus eller Nyby?

Friskus crop

Treng du hjelp til å måke snø? Til din nye smarte mobil? Vise fram arrangementa dine? Finne aktivitetar du kan delta på?  Kanskje Nyby eller Friskus kan hjelpe deg å finne hjelp.

Haram, Skodje og Ålesund prøver ut to digitale program som skal organisere og vise aktivitet og frivillige oppdrag i nærleiken av deg.

Friskus og Nyby er digitale møteplassar som skal hjelpe dei som treng ei hand i kvardagen å kome i direktekontakt med menneska og organisasjonane som står klare til å hjelpe.

Møteplassane har også ein aktivitetskalender der du kan finne ut kva som skjer i nærmiljøet.

Dei er altså rett og slett verktøy som administrerer frivilligheita som allereie er i bruk, og samlar all frivillig aktivitet og engasjement på ein plass.

Løysinga er allereie lansert i dei tre kommunane og skal utprøvast fram til juli/august neste år. Uttestinga skal hjelpe nye Ålesund kommune å finne løysingar tilpassa behova i ein storkommune.

Så om du treng nokre ledige hender til å rydde på badeplassen, eller hjelp til å få snikra siste rest på utstyrsbrakka på idrettsanlegget kan du kanskje finne hjelpa ved å gå inn på Nyby eller Friskus.  

Friskus i Haram

Innbyggarane i Haram skal teste Friskus. Friskus er organisering av frivilligheit – ein kommunikasjonskanal og ei plattform for organisering og planlegging. Plattforma skal gjere det enklare å samle folk og å skape relasjonar mellom dei som treng hjelp og aktivisering, og dei som har tid og lyst til å rett og slett vere medmenneske.

Friskus har ein kalender som gir deg som innbyggar høve til å filtrere på både interesse og stad. I tillegg har kommunar, frivilligsentralar, lag og organisasjonar høve til å koordinere, rekruttere og rapportere i verktøyet.

Friskus er ein plass for alle. Her skal du kunne finne alt det kjekke som skjer i nærmiljøet. Du kan også følge med på tvers av fylkesgrenser og tipse familie og venner i andre delar av landet om alle aktivitetane som finst nær dei.

Du kan melde deg som frivillig og bli godkjent for oppdrag ved å gå inn på nettsida
www.alesund.friskus.com, trykke på logg inn og registrere deg. Du ser også frivillige oppdrag i nærleiken. Om du ønsker å bruke tenesten som innbyggar, kan du også melde deg inn i grupper og sjekke aktivitetskalenderen med arrangement  i nærleiken.

Ønsker du å vere med å teste ut det nye verktøyet? Kontakt frivilligsentralen i Haram.

Nyby i Skodje og Ålesund

Nyby er både ei nettside og ein app. I Nyby kan du legge ut ønske og avtale direkte med andre som kan bidra. For å kunne gjere dette, må du vere på ei liste i programmet. Følg med på facebooksidene til kommunane eller nettstaden. Her vil det kome mange moglegheiter for å melde seg på. Når du er inne, kan du også invitere inn andre du kjenner.

Direkte koplingar mellom dei som har behova og dei som faktisk har sjans å bidra, skal gje enklare koordinering for lag og organisasjonar,  samtidig som det skal vere lettare for deg som innbyggar å finne ein annan innbyggar som kan hjelpe.

Er du frivillig, bidrar du med det du kan, når du kan. Du må melde din interesse via Nyby og bli godkjent før du kan bidra.

Det er introduksjonsprogrammet for flyktningar som testar Nyby i Skodje:

  • Hjelp til køyretimar
  • Legge til rette for at flyktningane sjølv kan aktivisere seg og bidra med praktisk hjelp, til dømes klippe plen eller skifte lyspære.

Ålesund frivilligsentral testar Nyby i Ålesund:

  • Administrering av natteravnar. Natteravnane er ute og går kvar andre helg i Ålesund sentrum. Ålesund frivilligsentral har samarbeid med fleire organisasjonar som går fleire gangar per år.
  • Praktisk hjelp.
  • Administrering av MAX-gjengen, eit arbeidstiltak for menneske som har uføretrygd eller tar i mot arbeidsavklaringspengar, og som kan tenke seg å jobbe litt når dagsforma tilseier det.

Her er heimesida Nyby.no. Nettsida er også ein app som du kan laste ned.

Kontakt frivilligsentralen i Ålesund eller kultur i Skodje kommune for meir informasjon.

Kvifor prøver nye Ålesund ut desse løysingane?

Nyby og Friskus er eit ledd i å styrke medborgarskap og innbyggarmedverknad gjennom digital kommunikasjon mellom kommune og innbyggarar, og eksterne interessentar.

Nye Ålesund kommune skal byggast på framtidas modellar for arbeidsdeling og samhandling og intensjonsavtalen framhevar følgande:

«Den nye kommunen skal vere ein føregangskommune i digitalisering og teknologibasert utvikling av tenestene. Ein skal satse på ein  systematisk bruk av ny teknologi som  stimulerer til nye arbeidsformer, effektiviserer arbeidsmetodar, og intern så vel som ekstern kommunikasjon.»

Målet

Målet for å prøve ut Friskus og Nyby er å prøve ut om dei:

- gjer det enklare å kople menneske.
- enkelt for folk å delta på aktivitetar og å bidra.
- enkelt å organisere frivillig arbeid.
- gir meir tid til menneske fordi ein bruker mindre tid på administrative oppgåver og koordinering.
- kan førebygge einsemd og utanforskap.
- gjer det enkelt og trygt å be om hjelp.
- gjer det mogleg for deg å organisere din eigen aktivitet i nærområdet.

Bildet

Bildet viser presentasjonsmøtet i Haram og dei som er avbilda er frå venstre: Ingrid Haram frå Haram frivilligsentral, Stina Kathrin Lillevik frå nye Ålesund, Marit Tande - folkehelsekoordinator og fysioterapeut i Haram, Nina Hildremyr, lærar i Haram og representant for Røde Kors, Ingen Synnøve Remme - næringsrådgivar i Haram, Ann Kristin Berg  - rådgivar for pleie og omsorg i Haram og Odd Arne Grande - leiar i lokallaget for LHL Skodje, Ørskog og Haram.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.