Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Verdas vakraste flashmob!

Flashmob foto pantarei danseteaterI juni mobiliserte nye Ålesund innbyggarar, tilsette, og politikarar til å vere med på å lage verdas vakraste flash mob. No er den ferdig! Du finn lenke i artikkelen.

 

Midt i ei travel kommunesamanslåing tok ordførarar, rådmenn, tilsette og andre seg tid til å vere med på flash mob i regi av Høstscena og Teatret Vårt, i samarbeid med Panta Rei danseteater og TILT Møre og Romsdal.

Det å vise gode fellesskap, dei flotte folka og den fantastiske naturen blir ekstra viktig når vi står midt i ei stor endring. Det at politikarar, kommuneleiing, tilsette, skolebarn og folk flest gjer noko saman, skapar stoltheit - og kanskje eit lite smil om munnen når ein beslutningstakar trår feil. Nærleik, humor og felles opplevingar skaper samhald.

I nye Ålesund var det filming i Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund, i tillegg til at Sula og Giske var med i filmprosjektet.

Filmen er ein del av det nasjonale TILT-prosjektet som har som mål å få store delar av Norge til å danse eller sjå dans. Filmen blir vist  på Haustscena i Ålesund denne veka.

Du finn filmen på youtube - på nye Ålesunds eigen kanal:

 

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.