Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

nye Ålesund har fått framtidsnavigatør

ken BlindheimKen Blindheim er tilsett som framtidsnavigatør i nye Ålesund kommune.

Blindheim er for tida dagleg leiar i rådgivingsselskapet Ikaro Solutions. Han har doktorgrad i strategisk økonomistyring frå Norges Handelshøyskole og har lang erfaring med tverrfagleg produkt-, prosess- og organisasjonsutvikling.  

Stillinga som framtidsnavigatør er den første i sitt slag i Norge. Framtidsnavigatøren har hovudansvaret for å utvikle samabeida den nye kommunen har etablert med næringsliv og akademia. Blindheim skal også utvikle og sette i system den overordna innovasjonsstrategien til nye Ålesund. Mange av arbeidsoppgåvene er nybrotsarbeid med stort handlingsrom, og for å lukkast må tilsette, innbyggarar og samarbeidspartar vere involverte i arbeidet.

Fram mot 2020 inngår stillinga i prosjektteamet for nye Ålesund kommune.

Framtidsnavigatøren vil ha kontorplass på Ålesund Kunnskapspark (ÅKP) Blue Innovation Arena og på prosjektkontoret til nye Ålesund. Ei av oppgåvene til Blindheim er å legge til rette for at kommunen blir ein aktiv del av det nasjonale testmiljøet ved ÅKP, med innovasjonsprosjekt, nettverksbygging, kompetanseheving og idéutvikling.

Tilsettinga av Ken Blindheim som framtidsnavigatør, er ein del av nye Ålesunds ambisjon om å utvikle ein sterk innovasjonskultur. Innbyggarane i nye Ålesund skal få gode tenester gjennom heile livsløpet. Skal vi lukkast med dette, må kommunen vere ein attraktiv innovasjonsaktør, arbeidsgivar og samarbeidspart.

Vi ser fram til at Ken Blindheim begynner i stillinga som framtidsnavigatør i løpet av oktober.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.