Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Støtte til byggeprosessen

innbyggarblomstProsjektorganisasjonen for nye Ålesund har oppretta eit team for å hjelpe kommunalområda med arbeidet fram mot ein ny kommune.

Team prosesstøtte er oppretta for å teste ut om denne forma for støttefunksjon kan bidra til gode prosessar med mål om involvering, samhandling og innovasjon. 

Kva tilbyr Team prosesstøtte?

Prosessverktøy:

  • Vi tilbyr verktøy og metodar for gjennomføring av møter og samlingar.
    • Korleis gjennomfører ein til dømes eit møte der ei gruppe skal arbeide fram mål og strategiar.
    • Korleis gjennomføre eit møte der ein ønsker nytenking og stort tilfang av idéar før ein konkluderer.

Prosesstøtte:

  • Vi tilbyr oss å delta i møter eller samlingar som prosessleiarar.
    • Her gjennomfører vi eit formøte med den som er ansvarleg for møtet for å sikre at arbeidsforma vi legg opp til er tilpassa målet med møtet.
  • Vi tilbyr å vere samtalepartner/rådgjevar for gruppa/gruppeleiar enten på telefon, skype eller ved fysisk møte .

Vi arbeider også med:

  • Korleis skal vi involvere breiast mogleg:
    • Skal vi nå målet om å skape noko nytt krev det brei involvering. Dette er utfordrande med tanke på tidsperspektivet. Teamet for prosesstøtte ser difor på ei løysing med å opprette referansegrupper for dei ulike kommunalområda ved hjelp av det digitale verktøyet Nyby.

Vi kjem tilbake til dette. I tillegg oppfordrar vi alle til å involvere borgarane og medarbeidarar så godt de kan!

Kvifor prosesstøtte?

Vi er inne i ein fase i prosjektet som er kritisk for å nå måla i intensjonsavtalen om brukarinvolvering, samhandling på tvers, nytenking/innovasjon.

Styringsgrupper og faggrupper har arbeidd fram kunnskapsgrunnlag, og går inn i ein fase der det skal utviklast mål og strategiar for dei ulike tenesteområda. Dette krev god dynamikk i gruppene og arbeidsformer som sikrar effektiv bruk av tida med tanke på dei korte fristane.

Kven er vi? 

Ein prosessleiar har som oppgåve å ramme inn prosessen, involvere og leie deltakarane mot eit felles mål. Til skilnad frå prosjektleiar som er ansvarleg for resultatet, vil prosessleiar vere ansvarleg for samhandlinga på veg mot resultatet.

Inne på sida Verktøy for tilsette finn du meir informasjon og kontaktinformasjon om Team prosesstøtte. Der ligg det også tre grunnlagsdokument som de kan bruke, men dei kan brukast til mykje meir!

Ta ein telefon til ein av dei så vil dei, så vil deiforsøke å finne ut kva di gruppe treng.

Sjå meir om gode prosessar og metodar i pdfdette dokumentet. (PDF)

 

 

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.