Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Orienteringar og statusar

haram 130918

Fellesnemnda møtast for å arbeide og bli orientert om status i prosjektet, økonomien, kommunale foretak og samarbeid med NTNU. Rektor Gunnar Bovim og viserektor Annik Magerholm Fet deltar.

Møtet er ope for publikum og blir også streama på nett.

Fellesnemndas møte startar klokka 08.30 og er i på Ingebrigt Davik-huset i Haram.

Møtet startar i etterkant av møtet i partssamansett utval som skal diskutere behov for oppretting av stillingar direkte under rådmannen.

Følg sendinga direkte ved å trykke på denne lenka:

https://haram.kommunetv.no/no/broadcast/75

Orienteringar

Fellesnemnda får først ei orientering frå prosjektleiar om status og framdrift i prosjektet før saksbehandlinga begynner. I etterkant av saksbehandlinga skal fellesnemnda arbeide med samfunnsdelen til kommuneplanen for nye Ålesund.

Etter lunsj blir det orientering om dei økonomiske rammevilkåra til den nye kommunen og statusen knytt til økonomien i dei fem eksisterande kommunane.

Neste orientering gjeld framtidig organisasjonsform knytt til eigedomsdrift og eigedomsforvaltning. Informasjonen har fokus på fakta og kunnskap om kommunale føretak. Eit kommunalt føretak (KF) har eit eige styre oppretta av kommunestyret og rapporterer direkte til kommunestyret, medan andre kommunale område i den kommunale organisasjonen, ligg under rådmannen.

Fellesnemnda avsluttar møtet med å bli orientert og diskutere samarbeidet mellom nye Ålesund og NTNU. Her deltar rektor ved NTNU Gunnar Bovim og viserektor ved NTNU i Ålesund, Annik Magerholm Fet.

Saker som skal opp

Fellesnemnda skal diskutere den vidare prosessen for arbeidet med kommunevåpen for nye Ålesund.

Dei skal opprette eit forhandlingsutval med medlemmer frå arbeidsutvalet (ordførarane) som skal arbeide med ny selskapsavtale med ÅRIM, eit interkommunalt selskap som har ansvaret for innsamling og gjenvinning av avfall og slam i Ålesundregionen.

Du finn alle sakspapira til møtet under Politikk > Møteplan og gjeldande møte.

 

 

 

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.