Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

#fullfartinyeålesund

ill.internet pixabay creative commonsOnsdag 3. oktober arrangerer nye Ålesund digitaliseringskonferansen Nye Ålesund  - på full fart inn i framtida. Om du ikkje kan kome, kan du følge konferansen direkte på nett.

Den blir også lagt ut i opptak i etterkant.

Korleis endrar ny teknologi samfunnet, og kva betyr det for kommunen? Kva skjer i nye Ålesund når det gjeld innovasjon og utvikling? Nye Ålesund har invitert politikarar, tilsette og samarbeidspartar til konferanse på  Color Line Stadion.

Det er ein intern konferanse der fellesnemnd, kommunestyra, tilsette, tillitsvalde og samarbeidspartar er inviterte.

Innleiarane på denne konferansen vil frå ulike ståstader belyse korleis kravet om innovasjon og bruken av ny teknologi påverkar oss som kommune, som politikarar, som leiarar og tilsette. Du vil óg få ein smakebit på det som foregår i og omkring nye Ålesund og som skal bidra til å bygge innovasjonskapasitet i den nye kommunen.

Vi inviterer også publikum og sjåarar til å legge ut bilde frå konferansen, kommetarar og spørsmål på sosiale medie om tema på konferansen.  Vi vil forsøke å svare så godt og raskt som vi kan. Bruk #fullfartinyeålesund.

Her pdffullstendig program i PDF.

Her kan du se sendinga i opptak.

 

 

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.