Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Kommunevåpen og nye leiarar

fellesnemnd haram 041018 cropFellesnemnda diskuterte korleis arbeidet med nytt kommunevåpen skal tas vidare og blei orienterte om tilsettingar av stabs- og kommunalsjefar i nye Ålesund.

Kommunevåpen

Fellesnemnda diskuterte korleis prosessen med eit kommunevåpen for den nye kommunen skal fortsette. Komiteen for kommunevåpen og ordførarkjede har lagt fram ein statusrapport og ei framdriftsplan for nemnda. Fleire tok til orde for å behalde Ålesund kommunes byvåpen også i den nye kommunen og stoppe prosessen med å få inn forslag til kommunevåpen. Leiar i fellensemnda med fleire undestreka viktigheita av å ha ein prosess rundt eit kommunevåpen og ha ein debatt før ein konkluderer.

Fellesnemnda tok statusrapporten og framdriftsplanen til komiteen til orientering og bestemte å fortsette arbeidet slik som komiteen skisserer i saksframlegget.

Forslaget om å allereie no bestemme at Ålesund sitt byvåpen skal brukast, blei nedstemt mot 10 stemmer.

Det er kommunestyret i den nye kommunen som skal gjere endeleg vedtak om kommunevåpen etter 1. januar 2020.

Les også saken Har du forslag til nytt kommunevåpen?

Leiarar i nye Ålesund

Møtet starta med at prosjektleiar orienterte om nytilsettingar.

Åtte av dei ti stabs- og kommunalsjefane i nye Ålesund er på plass.  

To av stillingane blei ikkje besette og vil dermed bli lyst ut eksternt. Dette er kommunalsjefstillinga for barn, familie og integrering og stabssjefstillinga for teknologi og digitalisering. Det er også gjort tilsetting i den nyoppretta stillinga som assisterande rådmann.

Her ser du kven som blir stabs- og kommunalsjefar i nye Ålesund.

Orienteringssaker og arbeidsøkt

Møtet fortsette med informasjon og ei arbeidsøkt om kommuneplanens samfunnsdel.

Fellesnemnda blei orientert om dei økonomiske rammevilkåra til den nye kommunen og statusen knytt til økonomien i dei fem eksisterande kommunane.

Neste orientering gjaldt framtidig organisasjonsform knytt til eigedomsdrift og eigedomsforvaltning. Informasjonen har fokus på fakta og kunnskap om kommunale føretak. Eit kommunalt føretak (KF) har eit eige styre oppretta av kommunestyret og rapporterer direkte til kommunestyret, medan andre kommunale område i den kommunale organisasjonen, ligg under rådmannen.

Fellesnemnda avslutta møtet med å bli orientert og diskutere samarbeidet mellom nye Ålesund og NTNU. Her deltar rektor ved NTNU Gunnar Bovim og viserektor ved NTNU i Ålesund, Annik Magerholm Fet.

 

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.