Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Vi søker arkivleiar

ill arkiv foto marit brunstadÅlesund kommune søker ein arkivleiar som er opptatt av digitalisering, brenn for dokumentforvaltning og ser kor viktig det er med eit arkiv. Den som tilsettast vil gå over i same stilling i den nye kommunen.

 Dette er ei 100 % stilling  som startar som arkivfagleg leiar i dagens Ålesund kommune, for seinare å gå over i same funksjon i den nye kommunen etter kommunesamanslåinga som formelt trer i kraft 1. januar 2020.

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene vil vere:

  • Arkivfagleg leiing og fagleg utvikling av medarbeidarar
  • Ansvar for dokumentforvaltning i samsvar med gjeldande lovverk
  • Å delta i arkivfaglege prosjekt
  • Sikre gode rutinar og arbeidsprosessar i det daglege arbeidet
  • Ansvar for arkivplan og bevaring- og kassaksjonsreglement
  • Medansvar for systemadministrasjon
  • Ansvar for bortsettingsarkivet og depot
  • Opplæringsansvarleg for saks- og arkivsystem

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar

Vi søker primært ein arkivleiar som har arkivfagleg- eller anna relevant utdanning på høgskule/universitet på bachelornivå eller høgare. Erfaring frå tilsvarande arbeid kan kompensere for formell utdanning.

Du bør ha svært god IT-kompetanse og gjerne erfaring med digitale prosessar og ha relevant erfaring frå arkivteneste innan offentleg forvaltning og bruk av elektronisk saks- og arkivsystem.

Du bør vere løysingsorientert, sjølvstendig og ta klare avgjerder, ha gode samarbeidsevner og evne til å skape entusiasme saman med stor arbeidskapasitet og fokus på resultat.

Vi tilbyr

Hos oss får du interessante og utfordrande oppgåver, godt arbeidsmiljø og lønn etter kvalivikasjonar og avtale.

Søknadsfristen er 1. november 2018.

Her kan du sjå fullstendig utlysning og kontaktinformasjon for spørsmål.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.