Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

ÅKP + nye Ålesund = sant

opning ÅKPkontor2 270918ÅKP Blue Innovation Arena og nye Ålesund kommune har etablert Norges første offentlege testsenter.  Kommunen har opna kontor på arenaen for å vere nær innovasjonsmiljøet.

Målet med detoffentlege testsenteret er å bli best i landet på å prøve ut nye idear gjennom prøving og feiling.

Nye Ålesund kommune har høge ambisjonar om å bygge ein sterk innovasjons- og utviklingskultur og ønsker å vere ein synleg del av det sterke innovasjonsmiljøet som er knytt til Campus Ålesund. Samarbeidet vil teste ut om element i innovasjonsmiljøet og kulturen kan overførast til offentleg sektor.

Ved ÅKP Blue Innovation Arena koplar kommunen seg opp mot eit nettverk av aktørar og ein unik teknologi som gjer dette samarbeidet til det første i sitt slag i Norge. Ålesund kunnskapspark (ÅKP)-systemet etablerer no eit nasjonalt testsenter som skal gjere teknologi frå havnæringane tilgjengeleg for fleire bransjar.  Sentralt står bruk av avansert simulerings- og visualiseringsteknologi i innovasjonsprosessar.

Signering ÅKP Dalen og Eidsvik

Bildetekst: Avtalen blei signert 27. september under GCE Blue Maritimes klyngekonferanse i Møretanken på NMK-bygget av dagleg leiar i ÅKP, Per Erik Dalen og prosjektleiar/rådmann for nye Ålesund, Astrid Eidsvik

Framtidsnavigatør

Nye Ålesund har tilsett Norges første framtidsnavigatør, og gjennom samarbeidet med ÅKP blir det etablert ei avdeling med tilgang til verdsleiande teknologiske testfasilitetar. Saman skal vi teste ut idear og prosjekt for å raskare få dei implementert i drifta.

Framtidsnavigatøren vil ha kontorplass ved arenaen og skal legge til rette for at kommunen blir ein aktiv del av miljøet, med innovasjonsprosjekt, nettverksbygging, kompetanseheving og idéutvikling. ÅKP blir ein annleis møteplass for kommuneorganisasjonen som innbyr til å bygge ein kultur for kreativitet, prøving og feiling.

Nye Ålesund ønsker å vere ein kommune som utviklar gode tenester og eit godt samfunn i samarbeid med næringsliv, akademia og innbyggarar.
Denne arenaen vil bidra til å sette dette samarbeidet i system.

Om ÅKP

Innovasjonsselskapet ÅKP har sidan 1999 arbeidd for at gründerar og etablert næringsliv skal lykkast med å vekse, og skape fleire verdiar og arbeidsplassar.  ÅKP tilbyr en rekke tenester for innovasjon og entreprenørskap og har bygd fysisk infrastruktur for innovasjon i Blue Innovation Arena og Digicat – Norsk Katapult. ÅKP er vertskap for nokre av Norges største og viktigaste klynger (GCE Blue Maritime, Blue Legasea og Norwegian Rooms) der verdsleiande bedrifter møtast til kreativt samspel. Mange av ÅKP sine aktivitetar er knytt til desse viktige næringsklyngene, men samtidig arbeider ÅKP aktivt for å overføre kunnskap og erfaringar om innovasjonsprosessar, organisering og kultur til andre næringsmiljø og offentlege verksemder. Slik skaper vi mogelegheiter for framtidig verdiskaping i regionen.
Meir informasjon: aakp.no

Om nye Ålesund

Nye Ålesund kommune er ei kommunesamanslåing mellom kommunane Haram, Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund. Samanslåinga er landets største samanslåing med sine 67 000 innbyggarar. Samanslåinga skjer formelt 1. januar 2020, men arbeidet med å slå saman dei fem kommunane og utvikle den nye kommunen, Ålesund, til beste for innbyggarane er godt i gang.

Bilde

Bildet i toppen av artikkelen er tatt på opninga av kontoret til nye Ålesund på ÅKP. Frå venstre: Ordførar i Haram Vebjørn Krogsæter, Dag Olav Tennfjord ordførar i Skodje og nestleiar i fellesnemnda for nye Ålesund, Kirsti Slotsvik styreleiar for ÅKP Blue Innovation Arena AS, Turid Hanken rådmann i Haram, Bente Glomset Vikhagen rådmann i Skodje og assisterande prosjektleiar for nye Ålesund, Per Erik Dalen dagleg leiar for ÅKP.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.