Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Banebrytande samarbeid gir forsking

pepper2 cropEit langsiktig og nyskapande samarbeid med forskningsmiljøet ved NTNU i Ålesund, har resultert i utlysinga av to doktorgradstipendiat-stillingar.

Stipendiatene skal, i nært samspel med fagfolk og brukarar frå kommunene, forske fram ny kunnskap om bruk av sosiale robotar i helse- og omsorgstenestene.

Stipendiatstillingane kom i stand som et samarbeid mellom ALV, Arena for velferdsteknologi i fylket  – ein delingsarena for kunnskap, og USHT - Utviklingssenteret for for sykehjem og hjemmetjenester i Møre og Romsdal,  som begge er viktige regionale arenaer for kunnskapsutveksling mellom kommunar og akademia.

Stipendiatene skal vere tilknytta eit nytt laboratorium for bruk av sosiale robotar i helsetenester på Campus Ålesund. ALV-leiligheita ved NTNU i Ålesund blir ein viktig testarena, saman med kommunale verksemder, som Eidet omsorgssenter i Haram kommune. Ved Eidet er har dei allereie gjort seg erfaringar med bruk av den sosiale roboten Pepper i tenestetilbodet.

Partnarar i prosjektet er:

  • Arena for Læring om Velferdsteknologi – Møre og Romsdal
  • Utviklingssenteret for sykehjem og hjemmetjenester– Møre og Romsdal
  • Haram kommune og nye Ålesund kommune
  •  Institutt for helsevitenskap og Institutt for IKT og realfag ved NTNU i Ålesund.

Samarbeidet er eit eksempel på tverrfagleg samskaping med fokus på brukarbehov mellom kommunar og andre offentlege aktørar.

Arbeidet

Hensikten med stipendiatprosjektet er å undersøke om humanoide (menneskeliknande) robotar kan vere eit hjelpemiddel for å utvikle aktivitetstilbodet til bebuarar ved omsorgssentre. Ei forutsetning for prosjektet er eit utstrakt samarbeid mellom dei to stipendiatane. Samann skal dei vidareutvikle innhald og bruksområde for robotsystemet Pepper for så å teste desse ut i ulike kontekstar ved omsorgssentra.

Gjennom desse testane skal prosjektet utvikle ny innsikt om bruk av sosiale robotar i helse- og omsorgstenester, og rolla slik teknologi kan spele i framtidas velferdstenester.

Stipendiatane finansierast av fakultetet for informasjonsteknologi og elektroteknikk, og fakultetet for medisin og helsevitenskap ved NTNU. Samarbeidet får også drahjelp frå Regionalt Forskningsfond-Midt og innovasjonsmidlar frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Om instituttet og stillingane.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.