Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Barnehagane vil opp og fram!

barnehagesamling 171018 cropBarnehagane i dei fem kommunane har starta eit utviklingsarbeid for tilsette i samarbeidmed Høgskulen i Volda. 16. oktober var 170 deltakarar samla for felles kompetanseheving.

Dei fem kommunane som skal bli nye Ålesund har inngått et samarbeid med Høgskulen i Volda om barnehagebasert utviklingsarbeid for tilsette i barnehagane. Bakgrunnen for samarbeidet er ny rammeplan for barnehagen.

Barnehagane har meldt inn kva tema dei ønsker skal bli tatt opp og med bakgrunn i tilbakemeldingar vil seks tema rullere over tre år:

  • Progresjon og vurdering
  • Livsmestring og helse
  • Mangfald
  • Overgangar
  • Barn  med særlege behov
  • Digital praksis

Dei fire førstnevnte tema skal gjennomførast i 2019.

Kvar barnehage har ei arbeidsgruppe som har hovudansvar for gjennomføring i eigen barnehage og vil få veiledning fra Høgskulen i Volda.

Det skal vere både fysiske og digitale samlingar.

27. september var det samling i Skodje for alle styrarar der hovedtema var styrarens rolle som motivator, inspirator og leiar.
16. oktober var samlinga i Ålesund for arbeidsgruppene der tema var knytt til ulike sider ved prosjektleiing.
170 deltakarar frå  63 barnehagar i dei fem kommunane var sama i bystyresalen der det var ei god blanding av forelesing og arbeid i grupper.

No skal barnehagane utarbeide problemstillingar som sendast til høgskulen og eigen kommune. Desse dannar grunnlaget for fire fagsamlingar  i januar og februar 2019.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.