Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Nyheitsbrev for oktober

framdriftsplan oktober2018 cropLurer du på kva som skjer framover i bygginga av nye Ålesund? Les nyheitsbrevet som går ut tilsette og politikarar denne veka.

Nyheitsbrevet for oktober 2018 informerer om dei nye stabs- og kommunalsjefane som er tilsette. Dei går formelt inn i sine nye stillingar først frå 1. januar 2020 og fortset i dei stillingane dei har no. Dei skal likevel leie arbeidet i styringsgruppa som arbeider med deira stabs- eller kommunalområde.

No når stabs- og kommunalsjefane er på plass vil dei saman med styringsgruppene utforme kvart område og kva oppgåver som skal løysast innanfor desse områda. Forslaga om dette skal vere klart frå styringsgruppene 1. desember og etter jul vil det vere klart for kartleggingssamtale med den enkelte tilsette.

1. desember er også fristen styringsgruppene har til å foreslå kvar dei enkelte områda skal halde til. Dette er eit arbeid som skal vere ferdig utgreidd 1. februar og som etter det blir tatt vidare til drøfting med tillitsvalde og i PSU før den endelege avgjerda blir gjort i fellesnemnda.

Du finn nyheitsbrevet for oktober under menyen For tilsette og Nyheitsbrev. Der ligg også dei tidlegare nyheitsbreva som har gått ut.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.