Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Kultur, verdiar og etiske retningslinjer

PSU sept18 haramMåndag 22. oktober er det møte i partssamansett utval og arbeidsutval. Verdigrunnlaget for kommunen, etisk standard og frikjøp av tillitsvalde er blant sakene som skal opp.

Partssamansett utval (PSU) består av tillitsvalde og ordførarane. På møtet på måndag skal dei behandle eit forslag til fri og frikjøp for tillitsvalde som deltar i prosjektarbeidet med nye Ålesund i perioden oktober 2018 til juli 2019.

Frikjøp av tillitsvalde

Prosjektleiar foreslår at representantane i PSU får 30 % frikjøp. De representerer alle tilsette i dei fem kommunane og ikkje berre eigne medlemmer. Representanten frå Haram får i tillegg 10 % frikjøp, medan representanten frå Ålesund får 20 % frikjøp i tillegg.  Prosjektleiar foreslår at vararepresentantar får 10 % frikjøp.

Tillitsvalde som deltar i styringsgruppene blir gitt tid til å vere med i møter, til førebuin og reise til og frå slik at førebuingstida er lik planlagt møtetid. Reisetid kjem i tillegg. Hovudverneombod får same frikjøp.

Kommunanes utgifter til løn for fast frikjøp i PSU blir refundert.

Prosjektleiar foreslår at ordninga blir evaluert i januar slik at det er mogleg å gjere nødvendige endringar. Ordninga kan forlengast til å vare etter juli 2019.

 Verdiane i nye Ålesund

Komiteen for kulturbygging og verdiar foreslår at verdiane til nye Ålesund skal vere:

Open

Tilsette og politikarar i Ålesund kommune er:
- lyttande og har tid til folk.
- gode til å samarbeide.
- løysingsorienterte og nytenkande.

Engasjert

Tilsette og politikarar i Ålesund kommune har:
- innbyggarane sitt beste for auge.
- oppdatert kunnskap om arbeidsfeltet sitt og samfunnet.
- respekt for andre sin kompetanse og ståstad/meiningar.
-arbeidsglede og humor.

Modig

Tilsette og politikarar i Ålesund kommune skal:
- våge å satse
- prøve ut aktuell teknologi og nye måtar å gjere ting på.
- tenke langsiktig og våge å prioritere.
- opne opp for ulikheiter og hindre utanforskap.

Forslag til dei tre grunnleggande verdiane er blitt til gjennom at politikarar, leiarar og tilsette har fått kome med innspel etter å ha utført arbeidsøkter i regi både av nye Ålesund og på diverse samlingar i eigen kommune.

PSU skal også behandle ein rapport om kultur i nye Ålesund kommune og forslag til etisk standard for den nye kommunen.

Dei tre framlegga frå komiteen skal avgjerast i fellesnemndmøte 8. november.

Du finn sakspapira under Politkk > Møteplan og det gjeldande møtet.

Arbeid med risikoanalyse

 PSU og arbeidsutvalet (AU) skal gå gjennom eit forslag til korleis ein skal vurdere risikoane og sårbarheita på brann- og redningsområdet for nye Ålesund kommune. For å kunne gjennomføre ei ny ROS-analyse (risiko- og sårbarheitsanalyse) for brann og redning i nye Ålesund er det behov for å gje grunnlaget for det som er akseptert risiko i kommunen. Ein ROS-analyse skal påpeike dei risikoane som er uakseptable og analysen skal danne grunnlaget for beredskapsanalyse, førebyggande analyse og ny brannordning.  ROS-analysen vil bidra til at kommunen kan ta omsyn til beredskap i den ordinære planlegginga.

 Rekneskapsrapport

 Arbeidsutvalet får rekneskapsrapporten for 2. tertial 2018.  Prosjektrekneskapet syner eit rekneskapsmessig mindreforbruk på ved 26 000  000 kroner per 1. tertial samanlikna med budsjettet for heile året. Prognosen for budsjettåret er balanse.

Møta

Begge møta blir haldne på Sandøytunet på Harøya måndag 22. oktober. Møta er opne for publikum.

  • Partssamansett utval har møte klokka 10.15 - 11.30
  • Arbeidsutvalets møte er klokka 13.00 - 15.00

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.