Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Tilrådinger til fellesnemnda 8. november

arbeidsutval Sandøy 22 oktober 2018Partssamansett utval og arbeidsutvalet kom med sine tilrådingar til fellesnemnda på sine møte. Partssamansett utval vedtok frikjøp for tillitsvalde.

Partssamansett utval og arbeidsutvalet hadde møte på Harøy i Sandøy måndag 22. oktober. Partssamansett utval (PSU) består av tillitsvalde og ordførarane. Arbeidsutvalet (AU) består av ordførarane i dei fem kommunane. Rådmennene, prosjektleiar og politisk sekretær er også til stades på møta.

På møtet vedtok PSU prosjektleiars forslag til fri og frikjøp for tillitsvalde som deltar i prosjektarbeidet med nye Ålesund i perioden oktober 2018 til juli 2019.

Frikjøp av tillitsvalde

PSU vedtok at tillitsvaldrepresentantane i PSU får 30 % frikjøp. Dei representerer alle tilsette i dei fem kommunane og ikkje berre eigne medlemmer. Representanten frå Haram får i tillegg 10 % frikjøp, medan representanten frå Ålesund får 20 % frikjøp i tillegg. Vararepresentantar får 10 % frikjøp.

Tillitsvalde som deltar i styringsgruppene blir gitt tid til å vere med i møter, til førebuin og reise til og frå slik at førebuingstida er lik planlagt møtetid. Reisetid kjem i tillegg. Hovudverneombod får same frikjøp.

Kommunanes utgifter til løn for fast frikjøp i PSU blir refundert.

Situasjonen for dei tillitsvalde i eigen kommune må drøftast i eigen kommune. PSU vedtok eit tillegg til forslaget der det blir gjort klart at det må avklarast i den enkelte kommune korleis møter som fell på ein fridag skal kompenserast, og korleis førebuing som må gjerast utover ordinær arbeidstid, skal godtgjerast.

Ordninga blir evaluert i januar slik at det er mogleg å gjere nødvendige endringar. Ordninga kan forlengast til å vare etter juli 2019.

Verdiane i nye Ålesund

PSU tilrår at forslaget til verdigrunnlag frå Komiteen for kulturbygging og verdiar blir vedtatt. I tillegg ønsker PSU at fellesnemnda ber prosjektleiar arbeide vidare med den konkrete utforminga av tekstdelen i verdiplakaten og deretter legge saka fram for endeleg godkjenning i fellesnemnda

Her er det opprinnelege forslaget til verdiplakat frå komiteen:

Open

Tilsette og politikarar i Ålesund kommune er:
- lyttande og har tid til folk.
- gode til å samarbeide.
- løysingsorienterte og nytenkande.

Engasjert

Tilsette og politikarar i Ålesund kommune har:
- innbyggarane sitt beste for auge.
- oppdatert kunnskap om arbeidsfeltet sitt og samfunnet.
- respekt for andre sin kompetanse og ståstad/meiningar.
-arbeidsglede og humor.

Modig

Tilsette og politikarar i Ålesund kommune skal:
- våge å satse
- prøve ut aktuell teknologi og nye måtar å gjere ting på.
- tenke langsiktig og våge å prioritere.
- opne opp for ulikheiter og hindre utanforskap.

Forslag til dei tre grunnleggande verdiane er blitt til gjennom at politikarar, leiarar og tilsette har fått kome med innspel etter å ha utført arbeidsøkter i regi både av nye Ålesund og på diverse samlingar i eigen kommune.

PSU behandla ein rapport om kultur i nye Ålesund kommune og forslag til etisk standard for den nye kommunen. PSU tilrår at fellesnemnda vedtar begge sakene.

Du finn sakspapira under Politkk > Møteplan og det gjeldande møtet.

Arbeid med risikoanalyse

PSU og arbeidsutvalet (AU) tilrådde eit forslag til korleis ein skal vurdere risikoane og sårbarheita på brann- og redningsområdet for nye Ålesund kommune. For å kunne gjennomføre ei ny ROS-analyse (risiko- og sårbarheitsanalyse) for brann og redning i nye Ålesund er det behov for å gje grunnlaget for det som er akseptert risiko i kommunen. Ein ROS-analyse skal påpeike dei risikoane som er uakseptable og analysen skal danne grunnlaget for beredskapsanalyse, førebyggande analyse og ny brannordning.  ROS-analysen vil bidra til at kommunen kan ta omsyn til beredskap i den ordinære planlegginga.

Rekneskapsrapport

Arbeidsutvalet gjekk gjennom rekneskapsrapporten for 2. tertial 2018.  Prosjektrekneskapet syner eit rekneskapsmessig mindreforbruk på ved 26 000  000 kroner per 1. tertial samanlikna med budsjettet for heile året. Prognosen for budsjettåret er balanse.

Du finn sakspapira under Politkk > Møteplan og det gjeldande møtet.

Fellesnemnda avgjer sakene på sitt møte 8. november.

Bilde

På bildet ser du frå venstre ordførar i Sandøy Oddvar Myklebust, varaordførar i Ørskog Geir Peter Aure, politisk sekretær Elin Moen, prosjektleiar Astrid Eidsvik, leiar i fellesnemnda og ordførar i Ålesund Eva Vinje Aurdal, ordførar i Haram Vebjørn Krogsæter og nesteleiar i fellesnemnda og ordførar i Skodje Dag Olav Tennfjord.

 

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.