Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Vil du vere med på laget?

nye alesund kommune fellesverket crop tonemolnes TMO1175Har du leiarerfaring og sans for utvikling og innovasjon? Nye Ålesund er på utkikk etter stabssjef for teknologi og digitalisering og kommunalsjef for barn, familie og integrering.

Dette er dei to siste leiarstillingane på dette nivået i nye Ålesund kommune. Dei andre stabs- og kommunalsjefane er tilsette etter ein intern prosess.

Teknologi og digitalisering

Vi søker ein innovativ leiar til stabsområdet. Stabssjefen skal vere pådrivar for å ta i bruk ny teknologi i arbeidet med å utvikle den nye kommunen. Vedkommande skal ha det overordna ansvaret for at ny teknologi som implementerast, støttar opp under lovar og regelverk.

Vår nye stabssjef må ha gode kommunikasjonsevner, kunne vere ein pådrivar i endringsprosessar og ha stor arbeidskapasitet. Du må også kunne samarbeide godt med tillitsvalde og vernetenesta. Stabsssjefen rapporterer til rådmannen.

Stabssjefen for teknologi og digitalisering har oppgåver som strategisk uvikling og innovasjonsarbeid knytt til digitalisering, IKT-drift og ansvaret for arkiv og dokumentsenteret.

 Bakgrunn/kompetanse:

  • Universitet/høgskuleutdanning
  • Vidareutdanninginnan leiing er ein fordel
  • God kunnskap innan IT 
  • Erfaring frå leiarstillingar
  • Erfaring frå endringsleiing
  • Gode samarbeidsevner
  • Evner å skape tillit både internt og eksternt
  • Kan vise til referanse for oppnådde resultat som leiar
  • God formidlingsevne munnleg og skriftleg
  • Beherska rsaksbehandling opp mot politiske organ

Her finn du kontaktinformasjon og meir informasjon om stillinga.

Kommunalsjef for barn, familie og integrering

Nye Ålesund ønsker seg ein utviklingsorientert kommunalsjef, som skal leie ein kompleks sektor der nytenking skal stå i sentrum. Kommunalsjefen for barn, familie og integrering har det overordna leiaransvaret for verksemdsleiarane på området. Området omfattar oppgåver som:

  • helsestasjonar, jordmorteneste og barselomsorg
  • barnevern
  • barnebustadar
  • avlasting for barn med utvida hjelpebehov
  • krisesenter
  • ressursbase
  • SLT-koordinator (samordning av lokale rus- og kriminalitetsforebyggende tiltak)
  • flyktning og integrering

Å utvikle leiarane i teamet til å vere utviklings- og endringsorienterte, vil vere viktig for å løyse framtidas behov. Heilskaplege løysingar og utvikling av tenestetilboda vil stå sentralt og kommunalsjefen får ansvaret for å nå fastsette resultatmål.

Vår nye kommunalsjef er ein tydeleg leiar med gode kommunikasjonsevner, både munnleg og skriftleg.  Du har god gjennomføringsevne, høg integritet og bygger gode relasjonar til politiske samarbeidspartnarar. Du må også kunne samarbeide godt med tillitsvalde og vernetenesta. Kommunalsjefen rapporterer til rådmannen.

Kommunalsjefen er med i den overordna leiargruppa for nye Ålesund kommune, og deltar i det strategiske arbeidet for å styrke og utvikle kommunen vidare.

Bakgrunn/erfaring:

  • Utdanning på universitets/høgskulenivå 
  • Vidareutdanning innan leiing er ein fordel
  • Kunnskap innan fagområda som ligg til dette kommunalområde 
  • Kjennskap til kommunal verksemd
  • Solid leiarerfaring frå komplekse organisasjonar 
  • Erfaring frå endringsleiing  
  • Gode samarbeidsevner
  • Evner å skape tillit både internt og eksternt
  • Etisk bevisstheit
  • Kan vise til referansar for oppnådd resultat som leiar

Her finn du kontaktinformasjon og meir informasjon om stillinga.

Søknadsfristen for begge stillingane er 9. november.

 

 

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.