Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Forslag om å redusere stemmekretsar

valkretsar cropValstyret foreslår å redusere talet på stemmekretsar i nye Ålesund ved kommune- og fylkestingsvalet i 2019 frå 24 til 14. Saken skal avgjerast i fellesnemnda 8. november.


Vallokala er foresått plasserte i kvar ungdomsskolekrets i den nye kommunen i tillegg til i Ålesund sentrum og på øyane Fjørtoft og Lepsøya. Dette følger same mal som kommunedelutvala som er delt inn etter ungdomsskolekretsane.

Valstyret har særleg sett på omsynet til veljarane, målet om størst mogleg valdeltaking og utviklingtrekk i veljarane sin åtferd når dei har sett opp stemmekretsar og opningstid på vallokala.

Bakgrunn for reduksjonen

Sidan den nye kommunen skal nytte elektronisk manntal, kan veljarane stemme der dei vil i den nye kommunen på valdagen 9. september, ved tidligstemming frå 1. juli til 9. august og ved førehandsstemming frå 10. august til 6. september.

Det blir lagt til rette for førehandstemming på fleire stader. Her vil tid og stader bli klare i god tid før 1. juli.

Det er eit stadig aukande tal veljarar som stemmer på førehand. Statistikken viser at om lag halvparten av oss forhåndsstemmer, og det er grunn til å tru at denne trenden fortset.

Erfaring viser at dei fleste nyttar stemmeretten i samband med at dei gjer andre ærend, mange pendlar også dagleg innanfor dei nye kommunegrensene. Elektronisk manntal gjer at det er i større grad er mogleg å stemme i samband med andre aktivitetar, fordi du kan stemme i andre vallokale enn der du høyrer til geografisk. Ålesund, Haram, Sandøy og Ørskog brukte elektronisk manntal også ved forrige val.

Stemmekretsane er delt inn etter kvar folk bur. Fjørtoft og Lepsøy har fått eigne valkretsar på valdagen fordi veljarane der elles ville vere avhengig av ferje for å stemme 9. september. Fjørtoft får opningstid klokka 15.00 – 20.00 på valdagen, medan Lepsøy har opningstid klokka 13.00 – 20.00.

Dei andre 12 vallokala har opningstid frå klokka 10.00 – 21.00, 9. september.

Her er ein oversikt over stemmekretser og stemmestader på valdagen 9. september:

  • Hessa, Skarbøvik og Aspøy  - Skarbøvik ungdomsskole, gymsal
  • Sentrum - Ålesund rådhus
  • Nørvøy, Nørvasund og Hatlane - Larsgårdhallen
  • Spjelkavik, Åse og Lerstad  - Spjelkavik idrettshall
  • Indre Borgund (Blindheim, Flisnes og Emblem) - Blindheim idrettshall
  • Ellingsøy - Ellingsøy idrettshall
  • Skodje - Gomerhuset
  • Ørskog - Ørskog kulturhus
  • Vatne og Tennfjord - Eidet kulturhus
  • Brattvåg, Hildre og Søvik - Ingebrigt Davik-huset
  • Lepsøy (del av Nordøyane) - Lepsøy skule
  • Haramsøy og Longva (del av Nordøyane) - Haramsøy skule
  • Fjørtoft (del av Haram) - Fjørtoft skule
  • Sandøy  -  Sandøytunet

Kommunal- og moderniseringsdepartementet oppfordrar kommunar som skal slå seg saman om å vedta endringar i stemmekretsar før 1. desember.  Valet i 2019 skal gjennomførast som om grenseendringane på grunn av  ny kommune allereie har funne stad. I valstyret for nye Ålesund sit ordførarane og politikarar frå dei fem kommunane. Fellesnemnda avgjer saken 8. november.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.