Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Foreslår kommunalt føretak

Ålesund 0817 0326 Korr cropSkal eigedomsområdet i nye Ålesund vere organisert som eit kommunalt føretak slik som i noverande Ålesund eller som eit vanleg kommunalområde? Det skal opp i arbeidsutvalet og partssamansett utval 30. oktober.

Det er kalla inn til ekstraordinære møte i dei to utvala for å få ei avgjerd i saka før desember. Grunnen er at styringsgruppene arbeider med organiseringa av dei forskjellige kommunal- og stabsområda og dei treng ei avklaring før deira tankar skal leverast til prosjektleiinga 1. desember. Saka skal avgjerast av fellesnemnda.

Partssamansett utval (PSU) består av tillitsvalde og ordførarane. Arbeidsutvalet (AU) består av ordførarane i dei fem kommunane. Rådmennene, prosjektleiar og politisk sekretær er også til stades på møta.

Prosjektleiinga foreslår å etablere eit kommunalt føretak for å løyse oppgåver knytt til eigedomsforvalting og eigedomsdrift. Eit kommunalt føretak (KF) har eit eige styre oppretta av kommunestyret og rapporterer direkte til kommunestyret, medan andre kommunale område i den kommunale organisasjonen, ligg under rådmannen.

Prosjektleiinga foreslår at prosjektleiar skal arbeide vidare med å finne ei god organisering av det samla eigedomsområdet. Dette omfattar mellom anna kvar for grenseoppgangar ein skal ha mellom oppgåver som skal løysast i det kommunale føretaket og i den ordinære kommunale organisasjonen. Med bakgrunn i dette arbeidet, vil fellesnemnda få framlagt ei sak med forslag til oppgåver og føremål(vedtekter) for det kommunale føretaket.

Prosjektleiar har lagt vekt på dialog med dei involverte partane i prosessen kring utarbeiding av denne saka. Det er gjennomført dialogmøte med Ålesund kommunale eigedomsføretak (ÅKE), innhenta informasjon frå fagmiljøa i kommunane, samt vore dialogmøte/arbeidsmøte med styringsgruppa for tekniske tenester. I tillegg har tillitsvalde vore involvert gjennom den strukturen og dei møteplassane vi har bygd opp i hovudprosjektet.

Fordelane og ulempene er vurdert opp imot følgande kriterier: Politiske styring, administrativ styring, tenestemottakarperspektivet, medarbeidarperspektivet, tverrfagleg samarbeid og samhandling, kompetanse, innovasjon og digitalisering, investeringar; styring, risiko,kostnadskontroll, økonomi og ressursoptimalisering og juridiske vurderingar.

Prosjektleiinga medgir at dette er ei sak der det ikkje er lett å sette to strekar under svaret. Skal ein få til god eigedomsdrift og eigedomsforvaltning er det ikkje berre organiseringa som er avgjerande, men i vurderinga meiner prosjektleiinga at det er nokre moglegheiter knytt til kommunale føretak som kan tale for at denne modellen bør innførast inn nye Ålesund.

Det viktigaste elementet er knytt til økonomi og handlefridom. Føretaksmodellen gir rom for å tenke langsiktig, fleksibelt og kunne handle raskt i ein marknad. Risikoen med modellen er manglande samhandlng og kommunikasjon mellom føretaket og den kommunale organsisasjonen, og mellom styret og kommunestyret. Prosjektleiinga meiner det er mogleg å innføre tiltak som kan redusere risikoen for desse hendingane.

Du kan lese heile vurderinga, innspela frå kommunane og sakframlegget i sakspapira til møta. Det er same sakspapir til begge møta.

Du finn også papira ved å gå inn på Politikk >møteplan og det gjeldande møtet.

Møta blir halde på prosjektkontoret til nye Ålesund på Kremmergaarden 30. oktober, og er opne for publikum.

PSU har møte frå klokka 09.00 - 10.00.

AU har møte frå klokka 10.00 - 11.30.

 

 

 

 

 

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.