Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Nye Ålesund inn i FNs smartbyprogram

ordførarar2 crop fotoHBSNye Ålesund saman med Sula og Giske, blir den første byregionen i Norge som blir tatt opp i dette FN-nettverket. Målet er å satse på teknologi som bidrar til eit betre samfunn for innbyggarane.

Det er spesielt gledeleg at det i tillegg er etablert eit samarbeid mellom FN-nettverket og Offshore Simulator Center ved Campus i Ålesund (OCS). Saman skal dei utvikle eit simuleringsverktøy for berekraftig by- og regionsutvikling.

Ein smartregion er ein region som nyttar digital teknologi og innovative metodar for å gjere livet betre for innbyggarane og drifta av samfunnet meir produktivt. Det handlar om å gjere kommunale tenester smartare. I nokre tilfelle betyr det ny teknologi, som for eksempel sensorar, kunstig intelligens og å samle inn stordataanalyse.

Simuleringsmiljøet på Campus Ålesund får ei nøkkelrolle. Miljøet skal simulere og visualisere trafikkavvikling, vannforsyning og straumforbruk på heilt nye måtar.

- Vi er svært glade for at kommunane i Ålesundregionen gjennom smartby-prosjektet koblar seg tettare på det sterke innovasjons- og simuleringsmiljøet på Campus Ålesund. Her gjer vi i praksis det som World Economic Forum etterlyser i sin siste rapport; Koblar næringslivet og det offentlege tett saman for å løyse framtidas utfordringar. Dette er unikt i norsk samanhang, seier Per Erik Dalen i ÅKP (Ålesund kunnskapspark).

Offshore Simulator Centre (OSC) har brukt 10 år på utvikling av avanserte simuleringsløysingar for offshore-industrien. I simulatorane kan ein vise store mengdar kompliserte data på ein måte som er både intuitivt og lettare forståeleg. No skal denne teknologien også brukast i eit smart by-konsept.

- Vi har oppdaga at simuleringsverktøya vi har utvikla for offshoreindustrien også kan bli eit kraftig verktøy for andre bransjar. No ønsker vi å bruke løysingane våre som ein del av FNs Smart Cities-programmet til Ålesund, og det opnar opp nye og spanande moglegheiter der Ålesund kan visualisere dei forskjellige systema, til dømes kloakk, vannforsyning, trafikk eller straumbruk, seier Joel Mills i Offshore Simulator Centre (OSC).

FN-organisasjonen OiER, som jobbar med Smart Cities, har bygd opp ei rekke nøkkelindikatorar som brukast for å forstå berekraftsevna til byar. Kor suksessfull ein smartregion er, blir ofte målt gjennom til dømes økonomi, energi, transport, helse, skole og styresett for å nemne nokre element. Dette er ofte kompliserte data som kan vere vanskelege å forstå. Under eit besøk i Ålesund tidligare i år, blei de veldig interesserte i korleis simuleringsverktøya til OSC kan visualisere desse indikatorane.

Kva skjer?

FN er i ferd med å utvikle eit globalt nettverk for smartby- og regionsutvikling. Gjennom nettverket, vil eit team av internasjonale og lokale ekspertar samle inn data for å utvikle smartbyprofilen - ein analyse av regionens av regionens ståstad knytt til bruken av smart teknologi. 

Allereie i dag har både kommunane, NTNU, fylkeskommune og Statens vegvesen små og store smartbytiltak på gang. Nokre av dei er langsiktige forskingsprosjekt, andre er konkrete tiltak innanfor ulike område. Dette kan handle om appar for busstider, sensorar for traffikkmåling eller luftkvalitet, til bruk av teknologi i skule eller eldreomsorg. Regionen har no høve til å samordne og målrette dette arbeidet gjennom eit felles program.

Nye Ålesund, Sula og Giske kom med i FNs United Smart Cities program etter å ha søkt om å bli tatt opp i nettverket. Programmet er basert på kjerneverdiar som tar utgangspunkt i FNs berekraftsmål.

Analysen som FNs ekspertar gjer ved hjelp av innsamling av data, skal brukast til å gje kommunane  eit talbasert grunnlag for vidare arbeid. Dette kan lette arbeidet med å peike ut felles mål og retning  og sikre eit systematisk arbeid opp mot FNs berekraftsmål. FN-nettverket synest det er spesielt interessant at kommunane er i ein transformasjonsprosess knytt til både kommunesamanslåing og til samordna klima-, transport- og arealplan.

Utnyttar innovasjonskrafta i regionen

Innovasjons- og forskningsmiljøa på Campus Ålesund har eit tett samarbeid med næringslivet på mange område. At kommunane i Ålesundsregionen no knyter seg enda tettare til bedriftene på Norsk Maritimt Kompetansesenter (NMK) og til NTNU gjennom dette smart by-prosjektet opnar nye moglegheiter. Nye Ålesund kommune har også opna sitt nye innovasjonskontor i ÅKP Blue Innovation Arena på NMK.

Næringslivet i regionen bygger no opp ein katapult (eit testsenter) i ÅKP Blue Innovation Arena. Vi vil stille vår avanserte visualiseringsteknologi til rådigheit for kommunane slik at dei kan teste sine idear.  Slik kan vi dra nytte av kompetansen til kvarandre og bidra til å styrke heile regionen. Vi skal gjere kverandre gode, seier Jan Børre Rydningen, Leder Digicat - Norsk katapult.
    
- Nye Ålesund er først i Norge til å ta eit slikt grep og løftar slik også fram miljøet på Campus Ålesund som FN er interessert i å samarbeide med for å simulere og visualisere smart byutvikling.  Eg trur dette vil bety mykje for vår region i framtida, seier Kaj Westre i Westregruppen – Norsk Maritime Kompetansesenter.

Bilde: Ordførarane i nye Ålesund - Oddvar Myklebust, Sandøy, Eva Vinje Aurdal, Ålesund, Knut Helge Harstad, Ørskog, Vebjørn Krogsæter, Haram og Dag Olav Tennfjord, Skodje.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.