Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

PSU og AU tilrår kommunalt eigedomsføretak

PSU 301018 ÅlesundArbeidsutvalet og partssamansett utval gjekk inn for at eigedomsområdet i nye Ålesund skal vere organisert som eit kommunalt føretak.

PSU (partssamansett utval) som består av tillitsvalde og politikarar, tilrådde at nye Ålesund organiserer eigedomsområdet som eit kommunalt føretak, mot to stemmer frå tillitsvalde.

AU (arbeidsutvalet) som er ordførarane i dei fem kommunane, innstilte einstemmig til fellesnemnda på det same.

Fellesnemnda tar endeleg avgjerd i saka 8. november.

Innstillinga frå AU til fellesnemnda er at det blir etablert eit kommunalt føretak for å løyse oppgåver knytt til eigedomsforvalting og eigedomsdrift. Eit kommunalt føretak (KF) har eit eige styre oppretta av kommunestyret og rapporterer direkte til kommunestyret, medan andre kommunale område i den kommunale organisasjonen, ligg under rådmannen.

Arbeidsutvalet tilrår at prosjektleiar skal arbeide vidare med å finne ei god organisering av det samla eigedomsområdet. Dette omfattar mellom anna kvar for grenseoppgangar ein skal ha mellom oppgåver som skal løysast i det kommunale føretaket og i den ordinære kommunale organisasjonen. Med bakgrunn i dette arbeidet, vil fellesnemnda få framlagt ei sak med forslag til oppgåver og føremål(vedtekter) for det kommunale føretaket.

Bakgrunn

Dei to utvala hadde sine møte 30. oktober. Det er viktig å få avgjort saka før desember fordi styringsgruppene arbeider med organiseringa av dei forskjellige kommunal- og stabsområda, og dei treng ei avklaring før deira tankar skal leverast til prosjektleiinga 1. desember.

PSU og AU diskuterte prosjektleiinga sitt forslag om å etablere eit kommunalt føretak for å løyse oppgåver knytt til eigedomsforvalting og eigedomsdrift. Eit kommunalt føretak (KF) har eit eige styre oppretta av kommunestyret og rapporterer direkte til kommunestyret, medan andre kommunale område i den kommunale organisasjonen, ligg under rådmannen.

I saksframlegget er det lagt vekt på dialog med dei involverte partane i prosessen kring utarbeiding av denne saka. Det er gjennomført dialogmøte med Ålesund kommunale eigedomsføretak (ÅKE), innhenta informasjon frå fagmiljøa i kommunane, samt vore dialogmøte/arbeidsmøte med styringsgruppa for tekniske tenester. I tillegg har tillitsvalde vore involverte gjennom den strukturen og dei møteplassane hovudprosjektet har bygd opp.

Fordelane og ulempene er vurdert opp imot følgande kriterier: Politisk styring, administrativ styring, tenestemottakarperspektivet, medarbeidarperspektivet, tverrfagleg samarbeid og samhandling, kompetanse, innovasjon og digitalisering, investeringar; styring, risiko,kostnadskontroll, økonomi og ressursoptimalisering og juridiske vurderingar.

Saksframlegget diskuterer også kompleksiteten i saka. Skal ein få til god eigedomsdrift og eigedomsforvaltning er det ikkje berre organiseringa som er avgjerande, men i vurderinga meiner prosjektleiinga og AU at det er nokre moglegheiter knytt til kommunale føretak som kan tale for at denne modellen bør innførast inn nye Ålesund.

Føretaksmodellen gir rom for å tenke langsiktig, fleksibelt og kunne handle raskt i ein marknad. Risikoen med modellen er manglande samhandlng og kommunikasjon mellom føretaket og den kommunale organsisasjonen, og mellom styret og kommunestyret. AU meiner det er mogleg å innføre tiltak som kan redusere risikoen for desse hendingane.

Du kan lese heile vurderinga, innspela frå kommunane og sakframlegget i sakspapira til møta. Det er same sakspapir til begge møta.

Du finn også papira ved å gå inn på Politikk >møteplan og det gjeldande møtet.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.