Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Les innbyggarmagasinet på nett

forside magasin oktober 2018Les om dei 214 tilsette i brannvesenet som har fått kvardagen sin kartlagt, finn ut korleis ungdomsråda tenker, kvar det er julemarked - og ikkje minst: ver med på familieaquizen! Innbyggarmagasinet er ute på nett.

Den andre utgåva av innbyggarmagasinet er ute. Her kan du lese det på nett. Du finn også det første innbyggarmagasinet på same side under Aktuelt > Innbyggarmagasin.

Denne andre utgåva forsøker å samle både stort og smått, nytt og nyttig  som skjer i nye Ålesund og også korleis prosjektleiinga tenker i bygginga av den nye kommunen.

Du får møte brannfolk, ungdomsråda, lese om arbeidet med kulturbygging og verdiar, kva som er tidsplanen for arbeidet med ny kommune framover, du får informasjon om kvar og når det er julemarknader og på siste side kan heile familien vere med på quiz og sende inn svara sine. Det blir trekning av premie.

Er det nokon som ikkje har fått innbyggarmagasinet i postkassa, så har alle rådhusa innbyggarmagasin til utdeling.

Vi ønsker alle god lesning!

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.