Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Meir om lokalisering

astrid eidsvik 2015 900x600Kvar blir arbeidsplassen min? Kva omsyn tar nye Ålesund til min livssituasjon og kan eg påverke? Sjå meir om kva prosjektleiar Astrid Eidsvik tenker om arbeidskvardag og plassering.

Prosjektorganisasjonen med Astrid Eidsvik i spissen, forsøker å nå ut med informasjon så breitt som mogleg om arbeidet med den nye kommunen. Det blir difor lagt ut små videosnuttar jamnleg. Dette er den andre i rekka.

Videoane ligg tilgjengeleg på Youtube og du finn dei i ei lenke på sida For tilsette, Verktøy for tilsette, under Informasjon. Denne sida er også tilgjengeleg for innbyggarane.

Mange tilsette er opptatte av kvar tenestene blir plasserte og ikkje minst kvar dei skal ha arbeidskvardagen sin. I denne videoen snakkar prosjektleiar Astrid Eidsvik meir om arbeidet fram til dette blir avgjort, korleis tilsette kan påverke og korleis prosjektleiinga tenker når det gjeld å ta personlege omsyn. Tekstinga er gjort med eit autotekstingsprogram. Intervjuar er Anne Bente Skjellum.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.