Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Vindmøller, føretak og verdiar

fellesnemnd haram 041018 cropFellesnemnda skal diskutere vindmøllepark i Sandøy, om eigedomsområdet skal vere kommunalt føretak eller vanleg verksemd og forslag til verdiar for den nye kommunen.

Møtet blir halde på Sandøyhagen på Harøya i Sandøy torsdag 8. november. Møtet begynner klokka 10.15 og er seinast ferdig klokka 16.30. Møtet er ope for publikum. Det blir også streama på Sandøy kommune sin kommunetv.

Vindmøllepark i Sandøy

Prosjektleiar går inn for at fellesnemnda skal vedta ei støtteerklæring til utbygging av Havsul 1 offshore vindkraftverk i Sandøy kommune.

Vindparken vil produsere 1-1,1 TWh i året. Det er omtrent like mykje som Tafjord produserer i året. Plasseringa av prosjektet er relativt nært land, 5-8 km, og det vil redusere kostnadene for prosjektet i konstruksjonsfasen og i driftsperioden. Det kanadiske selskapet Enbridge har i dag opsjon på konsesjon for området med rett til åkjøpe aksjane innan desember 2019. Enbridge planlegg å bygge ein vindmøllepark med mellom 35 og 40 vindmøller.

Eit så stort og omfattande offshore vindmølleanlegg finst ikkje i Norge frå før, og ser ein det opp mot andre prosjekt i Europa, skil Havsul seg ut med at vindparken har ei plassering berre 5-6 kilometer frå land, mot andre anlegg som ligg hundrevis av kilometer frå land. Dette har store positive effektar for bygging og drift av anlegget, men det fører også til at vindmøllene blir godt synlege frå land.

Det har i 2017 og 2018 vore arbeidd med konkrete planar for plassering, ilandføring av kraft og lokalisering av produksjonsareal og drift- og vedlikehaldsbase. Enbridge har lagt stor vekt på at mest mogleg skal kjøpast og leverast lokalt.

Bakgrunn

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) gav i 2008 Havsul I konsesjon. Olje- og energidepartementet stadfesta i 2009 vedtaket. Dette omfatta offshore vindmøllepark med inntil 78 vindturbinar på eit 49 kvadratkilometer stort område i havet uanfor Harøya i Sandøy kommune. Selskapet Havgul stod bak søknaden, og selde det planlagde
vindkraftverket Havsul 1 til Vestavind kraft AS i 2009. Konsesjonen er på heile 350 MW, og inntil 70 botnfaste vindmøller.

Sandøy kommunestyre har behandla sak om dette ved fleire høve, og sagt ja til planane og inngått intensjonsavtalar med Havsul/Vestavind offshore. Vestavind Offshore, som var eigd av sju energiselskap på Vestlandet, forsøkte i 2011-2012 å realisere prosjektet, men det vart skrinlagt på grunn av manglande økonomiske rammevilkår. I dag er det Enbridge som har opsjon på konsesjonen.

Les sakspapira i denne saken.

Kommunalt føretak?

Arbeidsutvalet og partssamansett utval gjekk på sine møte 30.oktober inn for at eigedomsområdet i nye Ålesund skal vere organisert som eit kommunalt føretak.

PSU (partssamansett utval) som består av tillitsvalde og politikarar, tilrådde at nye Ålesund organiserer eigedomsområdet som eit kommunalt føretak, mot to stemmer frå tillitsvalde.

AU (arbeidsutvalet) som er ordførarane i dei fem kommunane, innstilte einstemmig til fellesnemnda på det same.

Innstillinga til fellesnemnda er at det blir etablert eit kommunalt føretak for å løyse oppgåver knytt til eigedomsforvalting og eigedomsdrift. Eit kommunalt føretak (KF) har eit eige styre oppretta av kommunestyret og rapporterer direkte til kommunestyret, medan andre kommunale område i den kommunale organisasjonen, ligg under rådmannen.

Arbeidsutvalet tilrår at prosjektleiar skal arbeide vidare med å finne ei god organisering av det samla eigedomsområdet. Dette omfattar mellom anna kvar for grenseoppgangar ein skal ha mellom oppgåver som skal løysast i det kommunale føretaket og i den ordinære kommunale organisasjonen. Med bakgrunn i dette arbeidet, vil fellesnemnda få framlagt ei sak med forslag til oppgåver og føremål (vedtekter) for det kommunale føretaket.

Sjå meir om saken i artikkelen PSU og AU tilrår kommunalt eigedomsføretak.

Les sakspapira i saken.

Stemmekretsar

Valstyret foreslår å redusere talet på stemmekretsar i nye Ålesund ved kommune- og fylkestingsvalet i 2019 frå 24 til 14.


Vallokala er foresått plasserte i kvar ungdomsskolekrets i den nye kommunen i tillegg til i Ålesund sentrum og på øyane Fjørtoft og Lepsøya. Dette følger same mal som kommunedelutvala som er delt inn etter ungdomsskolekretsane. (Artikkelen fortset etter bildet)

valkretsar crop

Valstyret har særleg sett på omsynet til veljarane, målet om størst mogleg valdeltaking og utviklingtrekk i veljarane sin åtferd når dei har sett opp stemmekretsar og opningstid på vallokala.

Les meir om bakgrunnen for forslaget i artikkelen Forslag om å redusere stemmekretsar.

Les sakspapira i saken.

Open - engasjert  - modig

Politisk komité for kulturbygging og verdiar har foreslått tre verdiar for nye Ålesund kommune.

Dei tre verdiane er open, engasjert og modig. I samband med forslaget har komiteen utarbeidd ein verdiplakat:

Open

Tilsette og politikarar i Ålesund kommune er:
- lyttande og har tid til folk.
- gode til å samarbeide.
- løysingsorienterte og nytenkande.

Engasjert

Tilsette og politikarar i Ålesund kommune har:
- innbyggarane sitt beste for auge.
- oppdatert kunnskap om arbeidsfeltet sitt og samfunnet.
- respekt for andre sin kompetanse og ståstad/meiningar.
-arbeidsglede og humor.

Modig

Tilsette og politikarar i Ålesund kommune skal:
- våge å satse
- prøve ut aktuell teknologi og nye måtar å gjere ting på.
- tenke langsiktig og våge å prioritere.
- opne opp for ulikheiter og hindre utanforskap.

Partssamansett utval tilrår at fellesnemnda vedtar verdigrunnlaget for nye Ålesund slik det ligg føre og at Fellesnemnda ber prosjektleiar arbeide vidare med den konkrete
utforminga av tekstdelen i verdiplakaten og deretter legge saka fram for endeleg godkjenning i fellesnemnda.

Forslag til dei tre grunnleggande verdiane er blitt til gjennom at politikarar, leiarar og tilsette har fått kome med innspel etter å ha utført arbeidsøkter i regi både av nye Ålesund og på diverse samlingar i eigen kommune.

Les sakspapira i saken.

Andre saker

I tillegg til desse sakene blir det ei orientering om vindmølleprosjektet Havsul 1 ved Enbrigdge og ordførar i Sandøy, Oddvar Myklebust, det blir orientering om budsjettprosessen i de inskilde kommunane ved stabssjef for økonomi i nye Ålesund, Lars Fylling og om status og framdrift i prosjektarbeidet ved prosjektleiar Astrid Eidsvik.

Fellesnemnda skal også behandle kriterier for risiko- og sårbarheitsanalyse på brann- og redningsområdet, rapport om kultur i nye Ålesund, etisk standar for nye Ålesund, rekneskapsraport for 2. tertial og prinsipp for rammevilkår for politisk arbeid i nye Ålesund kommune.

Sjå alle sakspapira til møtet.

 

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.