Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

FIRST® LEGO® League i Ålesund

foto_first lego league SkandinaviaNye Ålesund ved Newtonrommet arrangerer 10. november FIRST® LEGO® League på NMK i samarbeid med NTNU, NMK og Sparebanken Møre.

600 elevar frå 24 klassar i nye Ålesund har arbeidd lenge og godt med årets oppdrag INTO ORBIT.

INTO ORBIT er eit oppdrag i verdsrommet. Laget skal peike på ei fysisk eller sosial utfordring som menneske møter når dei utforskar verdsrommet innanfor vårt solsystem i lange periodar, og foreslå ei løysing på denne utfordringa.

Laga skal vise frem prosjektet sitt gjennom robotkøyring og blir vurderte ut frå teknisk gjennomføring, dei skal presentere oppdraget sitt for dommarane og blir også vurderte ut frå presentasjon, marknadsføring og kjerneverdiar.

Vi er så heldige å ha fått både ordførarar og rådmenn som dommarar. Ordførarane og viserektor ved NTNU skal også dele ut pris i dei forskjellige klassene.

Alle deltakarane får premie, og det blir gitt pokalar i kvar klasse. På slutten av dagen står vi igjen med ein vinnar som skal vere nye Ålesunds representant i den skandinaviske finalen av FIRST® LEGO® League, der laget møter andre vinnarar frå Skandinavia og Færøyene.

Meir informasjon om laga, parkering og anna praktisk informasjon finn de i pdfprogrammet.

Finalen i FIRST® LEGO® League i nye Ålesund blir halde på NMK (Norsk Maritimt Kompetansesenter), Borgundvegen 340 i Ålesund. Inngang mot vest, mot gravplassen.

Tidsplan laurdag 10. november

08.00 Dørene opnar
09.00 Presentasjon startar
10.00 Opningsseremoni
10.30 Robotkøyring startar
10.30 Presentasjonar fortset
11.18 2. runde robotkøyring
13.00 3. runde robotkøyring
14.00 Kvartfinalar robotkøyring
14.30 Semifinalar robotkøyring
14.50 Finale robotkøyring
15.30 Avslutningsseremoni

 

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.