Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Følg FIRST® LEGO® League direkte

FLL7Følg First® LEGO® League direkte frå klokka 09.00. Kunnskaps- og teknologikonkurransen samlar 24 lag frå nye Ålesund.

Konkurransen foregår på NMK og vinnaren blir vår representant i finalen mellom lag frå Skandinavia og Færøyane.

Til saman 49 byar i heile Skandinavia har regionale finalar i dag, 10. november.

First® LEGO® League er eit samarbeid mellom nye Ålesund ved Newtonrommet, NMK, NTNU i Ålesund og Sparebanken Møre.

Her erpdf programmet for dagen. (Les meir om konkurransen under sendinga).

600 elevar frå 24 klassar i nye Ålesund har arbeidd lenge og godt med årets oppdrag INTO ORBIT.

INTO ORBIT er eit oppdrag i verdsrommet. Laget skal peike på ei fysisk eller sosial utfordring som menneske møter når dei utforskar verdsrommet innanfor vårt solsystem i lange periodar, og foreslå ei løysing på denne utfordringa.

Laga skal vise frem prosjektet sitt gjennom robotkøyring og blir vurderte ut frå teknisk gjennomføring, dei skal presentere oppdraget sitt for dommarane og blir også vurderte ut frå presentasjon, marknadsføring og kjerneverdiar.

Vi er så heldige å ha fått både ordførarar og rådmenn som dommarar. Ordførarane og viserektor ved NTNU skal også dele ut pris i dei forskjellige klassene.

Les meir om First® LEGO® League på hjernekraft.org.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.