Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

FIRST® LEGO® League tok av!

eMPaTi vinner600 elevar frå nye Ålesund skapte stor stemning på NMK under FIRST® LEGO® League på NMK, 10 november. Vinnarlaget blei eMPaTi frå Tennfjord skule i Haram.

eMPaTi skal representere nye Ålesund i den skandinaviske finalen i Oslo. Vinnarlaget fekk 10 000 kroner til klassekassa og skolen fekk eit klassesett med Lego Mindstorm frå Sparebanken Møre, samt invitasjon til skandinavisk finale i Oslo 1. desember.

FIRST® LEGO® League er ein teknologi- og kunnskapskonkurranse for barn som inneber robotkøyring, presentasjonar og marknadsføring av prosjektet. Elevane har arbeidd i åtte veker med prosjektet og i finalen presenterte dei resultatet.

Årets oppdrag var INTO ORBIT  -  eit oppdrag i verdsrommet. Laga tok for seg ei fysisk eller sosial utfordring som menneske møter når dei utforskar verdsrommet innanfor vårt solsystem i lange periodar, og foreslo ei løysing på denne utfordringa.

Laga viste fram prosjektet sitt gjennom robotkøyring og blei vurderte ut frå teknisk gjennomføring, dei presenterte oppdraget sitt for dommarar og blei også vurderte ut frå presentasjon, marknadsføring og kjerneverdiar.

Alle elevane får premiar og det er fokus på sjølve læringsprosessen og samarbeidet mellom elevane.

Prisane

eMPaTi fekk turneringas gjevaste pris fordi dommarane meiner dei på ein entusiastisk måte viser kor morsomt, tilgjengeleg og verdifultt teknologi og vitskap er, og med sin sterke innsats på alle område oppfyller visjonen med FIRST® LEGO® League.

Prisen går til laget som totalt sett er sterkast i alle kategoriane. Medan dei andre prisane blei vunne av lag som har vore best i ein bestemt kategori. Det er fem kategoriar i tillegg til hovudprisen.

Robotprisen går til laga som køyrer finalane på robotbana. Det blei delt ut pris til 1. og 2. plass. Prisane blei delt ut av viserektor ved NTNU i Ålesund, Annik Magerholm Fet.

Prisen går til laget som har flest poeng samanlagt i dei to finalerundane og 2. plass går til det andre finalelaget. Gjennom dagen viste desse laga at dei gang på gang har ein funksjonell og velprogrammert robot som er i stand til å løyse mange oppdrag på årets robotbane

  1. plass: eMPaTi - Tennfjord skule
  2. plass: SpaceChips - Spjelkavik barneskole

Teknologiprisen går til laga som presenterer dei mest funksjonelle robotane. Det blei delt ut pris til 1. og 2. plass. Prisane blei delt ut av varaordførar i Ålesund, Tore Johan Øvstebø.

Prisen går til laget som på fleire område har utvikla ein eineståande robot. Viktige element er innovativt design, programmering, strategi, påliteleg konstruksjon, funksjonalitet og bruk av gode verktøy for å løyse robotoppdraga. Laget vurderast ut frå den tekniske presentasjonen. Dei skal presentere konstruksjonen, program og strategi.

  1. plass: Pluto - Brattvåg barneskule
  2. plass: Lyspære - Vatne barneskule

Marknadsføringsprisen går til laga som på best mogleg måte klarer å profilere prosjektet sitt. Det blei delt ut pris til 1. og 2. plass. Prisane blei delt ut av ordførar i Haram, Vebjørn Krogsæter.

Prisen går til det laget som på ein kreativ og god måte klarer å rpofiler sitt lag og sitt prosjekt gjennom ein tydeleg bodskap i utforming av stand og gjennom sin presentasjon.

  1. plass: LOCO - Hatlane skole
  2. plass: Pluto - Brattvåg barneskule

Prosjektprisen går til laga som har presentert dei beste prosjekta. Det blei delt ut pris til 1. og 2. plass. Prisane blei delt ut av ordførar i Skodje, Dag Olav Tennfjord.

1. prisen går til det laget som viser at dei verkeleg fullt ut har forstått temaet. I  tillegg må dei har forstått dei ulike problemstillingane som er knytt til årets oppdrag. Innovative løysingar er vektlagt og sjølve presentasjonen er vurdert av dommarane. Det kreative og engasjement er viktige element i tillegg til det faglege.

  1. plass: lil einsteins - Blindheim barneskole
  2. plass: #LEGOnds - Spjelkavik barneskole

Kjerneverdiprise går til det laget som viser korleis kjerneverdiane har spelt ei viktig rolle i deira arbeid med konkurransen. Stikkord er samarbeid, respekt, engasjement, organisering og inkludering.

Det blei delt ut ein pris og vinnarlaget blei: Robofriends - Møre barne- og ungdomsskole Skodje.

Fekk du ikkje vere der? Sjå opptak av arrangementet på nye Ålesund sin Youtube-kanal.

Ålesund er ein av 49 stader i Skandinavia og på Færøyane som arrangerte FIRST® LEGO® League denne dagen!

Arrangementet blei haldt på NMK, laurdag 10. november. Det var rundt 1 700 besøkande på arrangementet og stor stemning då leiar i fellesnemnda og ordførar i Ålesund, Eva Vinje Aurdal åpna.

eva vinje aurdal FLL 2018

 

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.