Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Støtte til vindmøller og kommunalt føretak

klubbe cropFellesnemnda vedtok at nye Ålesund skal organisere eigedomsområdet sitt som kommunalt føretak og kor mange stemmekretsar det skal vere ved kommune- og fylkestingsvalet i 2019.

Møtet blei haldt på Sandøyhagen, 8. november.

Vindmølleparken Havsul I

Med bakgrunn i dei store positive samfunnsmessige verknadene av prosjektet, vedtok fellesnemnda
at dei ønsker å kome med ei støtteerklæring til utbygging av Havsul 1 offshore vindkraftverk i Sandøy. Arbeidsutvalet (ordførarane) fekk fullmakt til å redigere og ferdigstille endeleg uttale med bakgrunn i innspela frå møtet i fellesnemnda og i tråd med framlegg frå Dag Olav Tennfjord, ordførar i Skodje:

Havsul 1 er eit  viktig prosjekt for Møre og Romsdal. Prosjektet vil redusere kraftunderskotet med 25%.  Privatpersonar og næringsliv har i årtier betalt uforholdsmessig
mykje for elektrisitet grunna lav kraftprodunkjson i høve til forbruk i regionen. Nye elektrifiseringstiltak vil skape aukande utfordringar fremover. Havsul 1 representerer store
industrielle moglegheiter for regionen, og leveransar til dette prosjektet kan opne nye eksportmoglegheiter til det store og vaksende internasjonale vindkraftmarkedet.

Prosjektet vil gje betydeleg betra forsyningssikkerhet for Nyhamna gassprosesseringsanlegg.  Ei utfordring som har eksistert sidananlegget vart sett i drift kan no løysast. Utbygginga vil og være eit viktig bidrag til realisering av Nordøyvegen, både gjennom auka inntekter til vertskommunen, kraftig
 auka trafikkgrunnlag i anleggsperioden og 25 - 30 faste arbeidsplassar på Harøya knytt til drift av anlegget.

Bakgrunn

Vindparken vil produsere 1-1,1 TWh i året. Det er omtrent like mykje som Tafjord produserer i året. Plasseringa av prosjektet er relativt nært land, 5-8 km, og det vil redusere kostnadene for prosjektet i konstruksjonsfasen og i driftsperioden. Det kanadiske selskapet Enbridge har i dag opsjon på konsesjon for området med rett til åkjøpe aksjane innan desember 2019. Enbridge planlegg å bygge ein vindmøllepark med mellom 35 og 40 vindmøller.

Eit så stort og omfattande offshore vindmølleanlegg finst ikkje i Norge frå før, og ser ein det opp mot andre prosjekt i Europa, skil Havsul seg ut med at vindparken har ei plassering berre 5-6 kilometer frå land, mot andre anlegg som ligg hundrevis av kilometer frå land. Dette har store positive effektar for bygging og drift av anlegget, men det fører også til at vindmøllene blir godt synlege frå land.

Kommunalt føretak

Fellesnemnda vedtok at nye Ålesund kommune etablerer kommunalt føretak (KF) for å løyse oppgåver knytt til eigedomsforvaltning og eigedomsdrift.

Vedtaket inneber at prosjektleiar skal arbeide vidare med å finne ei god organisering av det samla eigedomsområdet. Dette omfattar mellom anna kva for grenseoppgangar ein skal ha mellom oppgåver som skal løysast i det kommunale føretaket og i den ordinære kommunale organisasjonen.  Med bakgrunn i dette arbeidet vil fellesnemnda få
framlagt sak med forslag til oppgåver og føremål (vedtekter) for det kommunale føretaket.

Tilsette sine rettar skal, uavhengig av driftsform, ivaretakast gjennom heile prosessen jf. lov-og avtaleverk.

Fellesnemnda meiner at det bør vurderast om det kan knytes til enda meir driftsrelaterte oppgåver til føretaket slik at vi kan ha endå meir samhandling inn mot verksemdene i driftsspørsmål og dermed vere enda tettare knytt til oppfølginga av bygga kommunen leiger ut.

Ein må då innsjå at ein i føretaket på dette området sannsynleg må forlate prinsippet om bestiller-utførermodellen. Det vil ikkje bli konkurranseutsetting av tenestene og ein får fast kostnad med årsverk som må sysselsettast, i staden for å leie inn ressursar etter behov. For kommunen som heilhet vil kostnaden likevel vere den same.

Eigedomsforvaltninga i (nye) Ålesund kommune skal evaluerast i kommunestyreperioden 2020 - 2023.

Bakgrunn

I saksframlegget er det lagt vekt på dialog med dei involverte partane i prosessen kring utarbeiding av denne saka. Det er gjennomført dialogmøte med Ålesund kommunale eigedomsføretak (ÅKE), innhenta informasjon frå fagmiljøa i kommunane, samt vore dialogmøte/arbeidsmøte med styringsgruppa for tekniske tenester. I tillegg har tillitsvalde vore involverte gjennom den strukturen og dei møteplassane hovudprosjektet har bygd opp.

Fordelane og ulempene er vurdert opp imot følgande kriterier: Politisk styring, administrativ styring, tenestemottakarperspektivet, medarbeidarperspektivet, tverrfagleg samarbeid og samhandling, kompetanse, innovasjon og digitalisering, investeringar; styring, risiko,kostnadskontroll, økonomi og ressursoptimalisering og juridiske vurderingar.

Saksframlegget diskuterer også kompleksiteten i saka. Skal ein få til god eigedomsdrift og eigedomsforvaltning er det ikkje berre organiseringa som er avgjerande, men i vurderinga meiner fellesnemnda at det er nokre moglegheiter knytt til kommunale føretak som gjer at nye Ålesund innfører modellen.

Føretaksmodellen gir rom for å tenke langsiktig, fleksibelt og kunne handle raskt i ein marknad. Risikoen med modellen er manglande samhandlng og kommunikasjon mellom føretaket og den kommunale organsisasjonen, og mellom styret og kommunestyret. AU meiner det er mogleg å innføre tiltak som kan redusere risikoen for desse hendingane.

Reduksjon i stemmekretsar

Fellesnemnda vedtok å redusere talet på stemmekretsar til kommune- og fylkestingsvalet i 2019 frå 24 til 14, mot ei røyst.

Vallokala blir plasserte i kvar ungdomsskolekrets i den nye kommunen i tillegg til i Ålesund sentrum og på øyane Fjørtoft og Lepsøya. Dette følger same mal som kommunedelutvala som er delt inn etter ungdomsskolekretsane. (Artikkelen forset under bildet)

valkretsar crop

 

Stemmekretsane er delt inn etter kvar folk bur. Fjørtoft og Lepsøy har fått eigne valkretsar på valdagen fordi veljarane der elles ville vere avhengig av ferje for å stemme 9. september. Fjørtoft får opningstid klokka 15.00 – 20.00 på valdagen, medan Lepsøy har opningstid klokka 13.00 – 20.00.

Dei andre 12 vallokala har opningstid frå klokka 10.00 – 21.00, 9. september.

Her er ein oversikt over stemmekretser og stemmestader på valdagen 9. september:

  • Hessa, Skarbøvik og Aspøy  - Skarbøvik ungdomsskole, gymsal  
  • Sentrum - Ålesund rådhus
  • Nørvøy, Nørvasund og Hatlane - Larsgårdhallen
  • Spjelkavik, Åse og Lerstad  - Spjelkavik idrettshall
  • Indre Borgund (Blindheim, Flisnes og Emblem) - Blindheim idrettshall
  • Ellingsøy - Ellingsøy idrettshall
  • Skodje - Gomerhuset
  • Ørskog - Ørskog kulturhus
  • Vatne og Tennfjord - Eidet kulturhus
  • Brattvåg, Hildre og Søvik - Ingebrigt Davik-huset
  • Lepsøy (del av Nordøyane) - Lepsøy skule
  • Haramsøy og Longva (del av Nordøyane) - Haramsøy skule
  • Fjørtoft (del av Haram) - Fjørtoft skule
  • Sandøy  -  Sandøytunet

Bakgrunn

Sidan den nye kommunen skal nytte elektronisk manntal, kan veljarane stemme der dei vil i den nye kommunen på valdagen 9. september, ved tidligstemming frå 1. juli til 9. august og ved førehandsstemming frå 10. august til 6. september.

Det blir lagt til rette for førehandstemming på fleire stader. Her vil tid og stader bli klare i god tid før 1. juli.

Det er eit stadig aukande tal veljarar som stemmer på førehand. Statistikken viser at om lag halvparten av oss forhåndsstemmer, og det er grunn til å tru at denne trenden fortset.

Erfaring viser at dei fleste nyttar stemmeretten i samband med at dei gjer andre ærend, mange pendlar også dagleg innanfor dei nye kommunegrensene. Elektronisk manntal gjer at det er i større grad er mogleg å stemme i samband med andre aktivitetar, fordi du kan stemme i andre vallokale enn der du høyrer til geografisk. Ålesund, Haram, Sandøy og Ørskog brukte elektronisk manntal også ved forrige val.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet oppfordrar kommunar som skal slå seg saman om å vedta endringar i stemmekretsar før 1. desember.  Valet i 2019 skal gjennomførast som om grenseendringane på grunn av  ny kommune allereie har funne stad. I valstyret for nye Ålesund sit ordførarane og politikarar frå dei fem kommunane. Fellesnemnda avgjer saken 8. november.

Open - modig - engasjert

Fellesnemnda vedtok tre grunnleggande verdiar for nye Ålesund kommune. Dei tre verdiane er open, engasjert og modig.

Fellesnemnda ber prosjektleiar arbeide vidare med den konkrete utforminga av tekstdelen i verdiplakaten og deretter legge saka fram for endeleg godkjenning i fellesnemnda.

Forslag til dei tre grunnleggande verdiane er blitt til gjennom at politikarar, leiarar og tilsette har fått kome med innspel etter å ha utført arbeidsøkter i regi både av nye Ålesund og på diverse samlingar i eigen kommune.

Andre saker

Fellesnemnda vedtok også akseptkriterie for risiko og sårbarheitsanalyse på brann- og redningsområdet, tok til vitande ein rapport om kultur for nye Ålesund kommune og ber prosjektleiar om å følge opp arbeidet med verdiar, etisk standard og kulturbygging internt i den nye kommunen.

Fellesnemnda fekk også ein rekneskapsrapport for prosjektet for 2. tertial 2018. Nemnda tok den til vitande.

Fellesnemnda vedtok framlagte prinsipp for rammevilkår for politisk arbeid i den nye kommunen med følgande tillegg: Fellesnemnda ber om at det blir gjort ei eiga vurdering av retten til pensjon til folkevalde med fast godtgjerdsle.

Det er mogleg å sjå møtet 8. november i opptak og lese sakspapira og protokollen etter møtet.

 

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.