Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Samarbeid og medborgarskap

medborgarskap nettNye Ålesund inviterer til ope møte om samarbeid og medverknad på Gomerhuset i Skodje 27. november klokka 18.30 – 20.30.

Er du mannen i gata, ein vanleg innbyggar? Arbeider du i det private næringslivet?
Bruker du tenestene til kommunen – barnehage, skole, helse- og omsorgstenester eller anna?
Driv du med frivillig arbeid, er du tilsett, politikar eller samarbeidspartnar?

Invitasjonen går ut til innbyggarar, næringsliv, frivillige organisasjonar, politikarar, diverse råd og andre interesserte.

Målet med møtet er å innhente konkrete innspel på korleis vi kan utvikle samspelet i den nye kommunen til beste for innbyggarane.

Berre gjennom innspel frå dei som er nærast tenestene, kan vi bygge ein kommune som lukkast med å løyse morgendagens utfordringar.

Nye Ålesund kommune inviterer deg til dialog om samarbeid og medverknad.

Velkommen!

digital invitasjon2

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.