Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Nye gatenamn i nye Ålesund

vegillustrasjonDei fem kommunane har sagt sitt og alle vegane som måtte endre namn på grunn av kommunesamanslåinga har fått nye namn.

Bakgrunnen for dei nye namna er forskriftene om at ein kommune ikkje kan ha vegar eller gater med same eller for like namn innanfor kommunegrensene. Dette er spesielt viktig for å unngå misforståing hos naudetatane.

Rundt 70 vegar i dei fem kommunane Haram, Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund hadde like eller for like namn.

Innbyggarar, bydelsutval og kommunedelutval har kome med forslag til namneendringar.  Namnenemndene og bydelsutvala i dei fem kommunane har vald eitt forslag for kvar gate.

Forslaga er vurderte og justerte av Språkrådet før politikarane i dei fem kommunane har godkjent dei nye gatenamna.

Haram


16 gater i Haram har skifta namn på grunn av kommunereformen:

  • Bakkane heiter no Gamlemsbakkane
  • Fjelltun heiter no Fjellheim
  • Gjerdet heiter no Bakkegjerdet
  • Hamnevegen heiter no Lausundvegen
  • Haugvegen heiter no Haugstadvegen
  • Johanmarka heiter no Ingridmarka
  • Jordmorvegen heiter no Jordmorbrauta
  • Kalvøyvegen heiter no Pampusvegen
  • Kyrkjevegen heiter no Kyrkjestien
  • Lyngvegen heiter no Ospevegen
  • Sjøvegen heiter no Kaivegen
  • Skulevegen heiter no Skulesvingen
  • Storgata heiter no Brattvåggata
  • Sætrevegen heiter no Timbredalsvegen
  • Åslia heiter no Kvennhusåsen
  • Støvegen heiter no Flemsvegen

Sandøy

Det er åtte vegar som har skifta namn i Sandøy:

  • Breivikvegn er blitt til Breivikstranda
  • Haugevegen er blitt til Hauglyvegen
  • Kringsjåvegen er blitt til Linningsvegen
  • Lunda er blitt til Lundavegen
  • Markavegen er blitt til Brunvollsmarka
  • Molovegen er blitt til Nausthaugen
  • Remmavegen er blitt til Fagerhaugen
  • Steinvågvegen er blitt til Målbekkvegen

Den foreslåtte namneendringa av Sjøvegen gjekk ut på grunn av grensejustering mot Aukra.

Skodje

16 vegar i Skodje må endre namn på grunn av kommunesamanslåinga:

  • Bergsvegen blir til Bergsbakken
  • Einevegen blir til Einebærvegen
  • Fjellvegen blir til Nihusvegen
  • Gamlevegen blir til Grindvikvegen
  • Gjerdevegen blir til Ole Andreas-gjerdet
  • Karolusplassen blir til Grindvikvegen
  • Myrbakken blir til Hjellmyrbakken
  • Nakkevegen blir Simengjerdet
  • Nesvegen blir Nesgardsvegen
  • Porsevegen blir Sørlivegen
  • Reitane blir Skodjereite
  • Remevegen blir Gomervegen
  • Skulevegen blir Vallemyrane
  • Storfjordvegen blir Indreviksvegen
  • Torevegen blir Toregarden
  • Ådalsvegen blir Ådalen allé

Ørskog

14 vegar i Ørskog må endre namn på grunn av kommunesamanslåinga:

  • Einavegen får namnet Einabakkane
  • Gjerdsvegen får namnet Gjerdsbrauta
  • Grytalivegen får namnet Lauparvegen
  • Kleivavegen får namnet Olaus Abelseth-vegen
  • Kyrkjevegen får namnet Elling O. Wallbøes veg
  • Skogvegen får namnet Skogen
  • Liavegen får namnet Liagardsvegen
  • Naustvegen får namnet Presteøyra
  • Vestresætervegen får namnet Vestrefjellvegen
  • Øvstevegen får namnet Grimsmyrvegen
  • Lyngvegen går ut og blir knytta til/får namnet Einabakkane
  • Smibakken går ut og blir knytta til/får namnet Prestegardsvegen
  • Idrettsvegen går ut
  • Skulevegen går ut

Ålesund

Ålesund har 20 vegar som må skifte namn:

  • Gjerdevegen blir Sperrebakken
  • Hansvegen blir til Nedre Ellingsvegen
  • Reitevegen blir Øvre Stokkereitane
  • Fergevegen blir Gamle Fergevegen
  • Grytavegen blir Skolestigen
  • Niklavegen blir Niklagarden
  • Sjøvegen blir Pilabakken
  • Stigen blir Asøystigen
  • Knutgarden blir Knuthaugen
  • Slettevegen blir Magerholmdalen
  • Storfjordvegen blir Flisnesbakken
  • Gjerdsvegen blir Gamle Gjerdsvegen
  • Haugen blir Østre Hatlaåsen
  • Langhaugen delast i to vegar og blir til Øvre Langhaugen og Nedre Langhaugen
  • Remavegen bli Bolsethvegen
  • Bredelia blir Bredelibakken
  • Ludviksplass blir Tofthagen
  • Tuevegen blir Øvre Tuevegen
  • Olaus Fjørtoftsveg går ut
  • Hjellevegen går ut

Nokre av kommunane har allerede endra namn på vegane og gatene. Endringane trår i kraft så snart dei einskilde kommunane har gjennomført det naudsynte omadresseringsarbeidet og seinast i samband med kommunesamanslåinga 1. januar 2020.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.