Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Skal bli betre til å kjenne igjen symptom

Torill Skorpen web18 sjukepleiarar frå nye Ålesund og Molde skal på kurs for å lære å tidleg oppdage sjukdom og kunne sjå om pasientar blir verre. Midla kjem frå fylkesmannen.

27. og 28. november skal 18 sjukepleiarar frå sjukeheimar, heimeteneste og legevakt på instruktørkurs. Ørskog, Haram, Skodje, Ålesund og Molde kommune deltar på kurs.

Det er Utviklingssenteret for sykehjem og hjemmetjenester i Møre og Romsdal (USHT) som har fått midlar frå fylkesmannen for å bidra til høgare kompetanse i kommunehelsetenesten.


Målet med prosjektet er å gje tilsette økt kunnskap når dei observerer pasientar og bruk av gode skåringsverktøy slik at dei kan oppdage tidlege teikn til sjukdom og forverring av tilstanden til pasienten. Verktøyet gir målte verdiar ein poengskår ut frå kor mykje dei viker frå normalen, summen av poengskåren vil seie noko om tilstanden til pasienten og korleis pleiaren skal handle vidare. Tilsette vil i tillegg få opplæring i god munnleg kommunikasjon når dei skal vidareformidle observasjonane til for eksempel legen.

Alle kommunane i nye Ålesund og Molde kommune har fått tilbod om å delta i denne satsinga.


- Ved å arbeide meir strukturert, og ta i bruk skåringsverktøy, vil tilsette kunne ta betre faglege vurderingar. Vi har hatt god erfaring med slike skåringsverktøy ved Øyeblikkelig hjelp døgnavdeling i Ålesund, seier Torill Aarskog Skorpen ved USHT.


Sjukepleiarane som har tatt kurset vil halde kurs for sine kollegar, og slik vil kunnskapen spreiast vidare. I kursa får dei både teoretisk undervisning i tillegg til praktisk øving ved hjelp av simulering og case trening.


Kommunane er lovpålagte å jobbe med kvalitet, og det fins gode oppskrifter å jobbe etter. Pasientsikkerhetsprogrammet.no har satsingsområde som fleire verksemder har begynt å jobbe med for å forbetre pasientsikkerheita. Eitt av disse områda heiter «tidleg identifisering av forverra tilstand». Det er tilrådingane i denne tiltakspakken det tas utgangspunkt i, og utviklingssenteret har valt å bruke kurskonseptet proACT for å gjennomføre satsinga.

- Vi startar i nye Ålesund og Molde, men målet er å nå ut til heile Møre og Romsdal etter kvart. Vi har store ambisjonar, og gleder oss til å ta fatt! seier Skorpen.

Også Høgskolen i Molde gir tilbod om dagskurs, der tilsette kan melde seg på og lære dei same metodane. Via prosjektmiddel finansierer USHT deltaking frå Molde og Kristiansund i høgskolen si satsing.


- Som følge av samhandlingsforma opplever tilsette at pasientar blir tidlegare utskrivne frå sjukehus, og det er ei auka forventning om at helsepersonell i kommunen skal kunne ivareta pasientar som får ei forverring av tilstanden. Dette fører til eit behov for å auke kompetansen i tråd med utviklinga, seier kommunalsjef for helse og velferd i Ålesund kommune, Anne Mette Liavaag.


Visjonen til Utviklingssenter for sykehjem og hjemmetjenester (USHT) er «utvikling gjennom kunnskap». Helsedirektoratet har gitt USHT et samfunnsoppdrag som består av å bidra til å styrke kvaliteten i helse- og omsorgstenesten gjennom fag- og kompetanseutvikling og spreiiing av ny kunnskap, nye løysingar og nasjonale føringar.

(Bildetekst: Som ein del av prosjektet, har USHT gjort innkjøp av ryggsekkar med blant anna blodtrykksapparat, stetoskop, apparat for å måle oksygeninnhaldet i blodet, temperaturmålar med meir. Desse sekkane skal heimetenesten ta med seg når dei reiser ut til pasientane, slik at dei kan få utført målingar. Torill Aarskog Skorpen avbilda med sekk)

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.