Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Jul i nye Ålesund

christmas19 the timberland santa foto Kevin dooley flickrDet er snart på tide å leite julepynten fram frå loftet. Her kan du sjå ei lita oversikt over nokre av messene og tilstellingane i dei fem kommunane.

Merk deg datoane, men hald også augene opne for annonsering av andre slike tilstellingar som kan dukke opp ein stad nær deg.

1. desember

  • 8. klasseelevar og foreldre ved Skodje ungdomsskule, Skodje skulekorps, Skøye Teaterlag, Skodje bibliotek og Skodje kulturskule arrangerer Julemarknad og familiedag i Gomerhuset med både utstillarar, kulturinnslag i messeområdet, juleforteljing i kultursalen og julegrantenning.
  • Julemesse på Haramsøy samfunnshus. Arrangør er Haramsøy skulekorps.

2. desember

  • Julemarknad i Butikken, Ona og Finnøy havstuer.
    Kunsthandverk, kaker og tradisjonsmat er blant det som er å få kjøpt. I tillegg blir det kafé med gløgg, kaffi og nysteikte kanelsnurrar.
  • Jul i Molovegen
    Julemarknad i regi av Molja Vel i Ålesund med salsboder, ope atelier, juleverkstad, julekortfotografering, mat, ope museum, underhaldning m.m.

3. desember

  • Gründerkvinnenes julemarked ved Brattvåg Fjordhotell:
    Ein gjeng kreative gründerdamer viser fram varer dei har for sal. I tillegg blir det sal av heimelaga søtsaker og servering av gløgg.

8. og 9. desember

  • Julemarknaden i Korsatunnelen i Ålesund er ein av dei største julemarknadane i regionen. Her finn du herleg kortreist mat frå ei rekke lokalmatprodusentar, handverk og aktivitetar for små og store.

Fleire aktivitetar?

Har vi gløymt noko? Send oss ein e-post med tips til Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

 

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.