Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Forslag frå styringsgruppene

logo til web1.desember er fristen for styringsgruppene i nye Ålesund til å levere forslag til organisasjonsplan, mål og strategiar. Forslaga blir publiserte og det er høve til å kome med innspel.

Kvar styringsgruppe representerer eit stabs- eller kommunalområde og er leia av den framtidige stabs- eller kommunalsjefen. Alle kommunane i nye Ålesund, tillitsvalde og hovudverneombod er representerte i kvar gruppe.
 
Styringsgruppene sine forslag blir i løpet av første veka i desember publiserte på nyealesund.no under kvart einskild stabs- eller kommunalområde: Om nye Ålesund > Stabs- og kommunalområde. Det blir utarbeidd eit skjema der det er mogleg å kome med innspel til dokumenta. Denne forenkla høyringa er i stor grad mynta på tilsette, men også politiske råd vil få høve til å seie sitt. Fristen for å kome med innspel er 1. januar 2019. 

Fram mot jul skjer dette:

•    14. desember vil det vere eit dialogmøte for alle styringsgruppene og leiarar i faggruppene med oppsummering og vidare avklaringar. Møtet er på ID-huset i Brattvåg.
•    18. og 19. desember blir det involveringsmøte med med leiarar av styringsgrupper knytt til område som treng ytterlegare avklaringar.
•    19. desember er det møte mellom prosjektleiar og leiarar i styringsgruppene der nye vurderingar frå prosjektleiar blir lagt fram.
 
Fram mot 15. januar skal ein samla organisasjonsplan med bemanningsplanar for leiarar og stabsfunksjonar sluttførast.

15. januar blir planen sendt til tillitsvalde.

Sjå også denne framdriftsplanen:

framdriftsplan oktober2018 crop

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.