Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Forslaga til organisasjonsplan er klar

nye alesund tonemolnes cropStyringsgruppene for stabs- og kommunalområda har kome med sine forslag til organisasjonsplan for nye Ålesund.  Frist for å kome med innspel er 1. januar.

Styringsgruppene har levert sine forslag til organisasjonsplan for eige område. Kvar styringsgruppe representerer eit stabs- eller kommunalområde og er leia av den framtidige stabs- eller kommunalsjefen. Alle forslaga er samla i eitt dokument som er lagt ut under kvart stabs- og kommunalområde og her i denne artikkelen:

pdfSamla forslag til organisasjonsplan (PDF)

Prosjektleiinga presiserer at dette er forslag frå styringsgruppene og at inga avgjerd er tatt.

Om du eller di verksemd eller politiske råd ønsker å kome med innspel til forslaga, kan de nytte dette skjemaet:
docxSkjema_for_høyringssvar.docx

Også skjemaet ligg inne på kvart stabs- og kommunalområde.

Denne forenkla høyringa er i stor grad mynta på tilsette, men også politiske råd vil få høve til å seie sitt. Fristen for å kome med innspel er 1. januar 2019.

Det er fire stabseiningar:

  • Økonomi og verksemdsstyring
  • Perosnal og organisasjon
  • Teknologi og digitalisering
  • Plan, samfunns- og næringsutvikling

Det er seks kommunalområde:

  • Helse og omsorg
  • Velferd og sysselsetting
  • Opplæring
  • Barn, familie og integrering
  • Kultur og medborgarskap
  • Tekniske tenester

Manglar det noko?

Det er ikkje sikkert at alle verksemder eller einingar finn seg sjølv i dette dokumentet. Organisasjonsplanane er forslag, og dei einingane og verksemdene som ikkje er nemnt, vil bli innarbeidd i det endelege dokumentet. Prosjektleiinga ber også om tilbakemelding på eventuelle manglar.

Dei tre stabseiningane kommuneadvokat, politisk sekretariat og kommunikasjon har ikkje gjennomført arbeidet med kartlegging og organisasjonsplan enno.  

Dette skjer no:

  • 14. desember vil det vere eit dialogmøte for alle styringsgruppene og leiarar i faggruppene med oppsummering og vidare avklaringar. Møtet er på ID-huset i Brattvåg.
  • 18. og 19. desember blir det involveringsmøte med med leiarar av styringsgrupper knytt til område som treng ytterlegare avklaringar.
  • 19. desember er det møte mellom prosjektleiar og leiarar i styringsgruppene der nye vurderingar frå prosjektleiar blir lagt fram.

Fram mot 15. januar skal ein samla organisasjonsplan med bemanningsplanar for leiarar og stabsfunksjonar sluttførast.

15. januar blir planen sendt til tillitsvalde.

Lokalisering

Parallelt med dette arbeidet, vil lokaliseringsgruppa – der prosjektleiinga og rådmennene er med, arbeide med samordning av lokaliseringsforslaga. Dette arbeidet skal vere ferdig 1. februar og skal så til politisk behandling.

framdriftsplan oktober2018 crop

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.