Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Vinnar av familiequizen er kåra!

 

Premie quiz

 

I førre utgåve av magasinet «I støypeskeia» vart lesarane utfordra i ein familiequiz om smått og stort i nye Ålesund. Mange visste mykje og redaksjonen fekk inn svar frå fleire ivrige quizdeltakarar, og no er vinnaren kåra!

Ei av dei som svara rett på alle spørsmål var Turid Rogne Tomren som bur i Tennfjord i Haram.
Ho blei trekt ut som den heldige vinnaren i konkurransen og fekk premie og gratulasjonar frå redaksjonen levert på døra. Premien, som var juleblomster og konfekt frå Ona Sjokolade, såg ut til å passe fint inn i det koselege, adventspynta huset hennar, - vi håpar den fall i smak hos quizmeisteren!

Om du er nysgjerrig på kva Turid og fleire av dei andre deltakarane visste om nye Ålesund, kan du sjå heile quizen med fasit her:

  1.  Kva heiter det høgste fjellet i Haram kommune?
    Skjerdingen / Blåskjerdingen
  2. Kor mange medlemmer har fellesnemda for nye Ålesund?
    25 (5 representantar frå kvar av kommunane)
  3. Kven er ordførar i Sandøy kommune?
    Oddbjørn Myklebust (Arbeiderpartiet)
  4. Kvar finn du prosjektkontoret til nye Ålesund?
    Kontoret ligg i Kremmergaarden i Ålesund
  5. I kor stort opplag er innbyggarmagasinet gitt ut?
    Opplaget er på 29.000 eksemplar
  6. Kva er mottoet til nye Ålesund kommune?
    «Det vi skal, skal vi vere gode til. Det vi vil, skal vi tore å gjere noko med.»
  7. Når kjem neste utgåve av «I støypeskeia»?
    Neste utgåve kjem våren 2019
  8. Frå kva dato skal nye Ålesund kommune vere i drift?
    1.1.2020
  9. Ørskog kyrkje ligg idyllisk til ved Storfjorden. Veit du kva kyrkja har fått som vakkert tilnamn?
    Storfjordens katedral
  10. Kor mange stadar i dette magasinet finn du logoen til nye Ålesund?
    Logoen til nye Ålesund er brukt 5 gangar i magasinet
  11. Når stod dei gamle Straumsbruene i Skodje ferdig?
    Ferdig i 1919 (offisielt opna i 2022)
  12. Kva heiter den årlege musikkfestivalen som finn stad på Skodje?
    Fjord Cadenza
  13. Kva heiter fjorden mellom Ålesund og Sula?
    Borgundfjorden
  14.  Kven skal bli rådmann i nye Ålesund (frå 2020)?
    Astrid Eidsvik
  15. Kva fargar finn du i kommunevåpenet til Ørskog kommune?
    Kvit, svart og gull
  16. Til kva øyar i Haram kan du reise om du tar ferja frå Skjeltene ferjekai?
    Lepsøya, Haramsøya og Store Kalvøy (på bestilling). Frå Haramsøy er det også bruforbindelse til Skuløy/Flemsøy.
  17. Kor mange vindmøller er det i vindmølleparken på Harøya?
    5 vindmøller
  18. Kor høgt var Slinningsbålet då det sette verdsrekord i høgde i 2016?
    Bålet var 47,396 meter høgt

 

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.